Hopp til innhold

Brukte konsulentar for 2,6 millionar kroner

Sogn og Fjordane fylkeskommune har til no brukt 2,6 millionar kroner på konsulentutgifter i Fjord1-saka.

Tore Eriksen, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

OPPLYSER LIKEVEL: Fylkesrådmann Tore Eriksen gir likevel ut tala for kor mykje fylkeskommunen har brukt på konsulentar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fylkesrådmannen snur i saka om å opplyse om kor store utgifter fylkeskommunen har hatt på konsulentar i den pågåande Fjord1-prosessen. For eit par dagar ville han ikkje oppgje noko tal, men i dag har han teke ei ny vurdering.

– Vi har kome til at det har vore så mykje omtale av denne prosessen at det er lite sannsynleg at vi kan seie noko vi ikkje burde seie ved å gå ut med tala.

2,6 millionar kroner

Og tala viser at det i 2014 vart brukt 1,6 millionar kroner, medan det fram til midten av april i år er brukt ca. ein million kroner - til saman 2,6 millionar.

Pengane er brukte til å kjøpe juridisk og økonomisk spisskompetanse som fylkeskommunen ikkje sjølv har i sin administrasjon, seier Eriksen.

– Når det politiske fleirtalet har villa utgreie dette så tydeleg så har vi vore nøydde til å kjøpe tenester, og det har vi gjort.

– Ikkje problematisk

– Er det ei godt signal å sende ut å bruke 2,6 millionar kroner på konsulentar når fylkeskommunen er i ein så anstrengt økonomisk situasjon?

– Dette er eit spørsmål som det politiske miljøet bør svare på, men eg meiner konsulentutgiftene her ikkje er veldig høge i forhold til dei verdiane som fylkeskommunen er sett til å forvalte gjennom eigarskapen i Fjord1. Eg synest ikkje det er problematisk, men andre vil kanskje henge seg opp i det.