Anken vart opphavleg avvist av Gulating lagmannsrett. Dei meinte vesentlege dokument ikkje var sendt innan rimeleg tid.
Høgsterett har kome til ein annan konklusjon.
– Det medfører at saka blir sendt tilbake til Gulating for ny behandling om anken skal tillatast fremma eller om den bli nekta fremma, seier statsadvokat Magne Nyborg til NRK.no.
Var i utlandet
Den svenske bussføraren (56) vart i mai dømd til fem månader fengsel for aktlaust bildrap etter at turbussen han førte kolliderte med ein møtande rutebuss ved Fardal i Sogn. Ei kvinne i kvar av bussane, ei frå Sunnmøre og ein taiwansk turist, omkom i ulukka.
- LES OGSÅ:
Mannen har heile tida hevda si uskuld og anka domen frå Sogn tingrett. Lagmannsretten fekk ein skanna kopi av anken, saman med eit utførleg støtteskriv innan fristen. Ein signert kopi av anken kom 15 dagar seinare.
- LES OGSÅ:
– Den domfelte var også etter det opplyste i eit land der han ikkje var lett å få tak i, og der postgangen til Norge også ville måtte ta noko tid, skriv ankeutvalet.
Var innan rimeleg tid
Ankeutvalet legg stor vekt på at mannen var i sitt opphavlege heimland i samband med eit dødsfall i familien. Han kjende heller ikkje til kravet om original underskrift i ei ankefråsegn.
Sjølv om det er krav om original underskrift på ei ankefråsegn, er ein faks eller epost godkjent dersom ein underskriven anke blir sendt i rimeleg tid.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Etter omstenda, der det særleg er lagt vekt på at kopi av den underskrivne anken vart sendt innan fristen saman med eit relativt omfattande støtteskriv, at den domfelte handla straks han var klar over kravet til underskrift og at forseinkinga ikkje var svært stor når det blir teke omsyn til at domfelte var i utlandet, skriv ankeutvalet.
Fekk ikkje uttale seg
Det har ikkje lukkast NRK.no å få kommentar frå mannen sin forsvarar, Geir J. Kruge, men NRK er kjend med at forsvaret var kritisk til at dei ikkje fekk uttale seg om manglane før rettsavgjerda fall.
Dette har ankeutvalet gjeve dei medhald i.
– Under alle omstende ligg det føre brot på reglane om kontradiksjon når forsvararen ikkje fekk høve til å uttale seg før avvisingsavgjerda, skriv ankeutvalet.
Ikkje overraska
At anken førte fram i ankeutvalet til Høgsterett betyr ikkje at saka slepp igjennom til ankebehandling i lagmannsretten. Det betyr derimot at ankeutvalet skal vurdere om mannen får sjansen til å prøve saka for lagmannsretten.
Statsadvokat Nyborg er ikkje overraska over avgjerda.
– Det var uklart kor lang tid det kan gå før ei slik original ankeerklæring kan ettersendast. Her var det 15 dagar, og sidan han var i utlandet, så meinte dei det var innan rimeleg tid, seier han.