Hopp til innhold

Meiner media dømde han frå første dag

Forsvarar Geir J. Kruge seier at klienten hans, den svenske bussjåføren som er tiltalt for aktlaust bildrap etter bussulukka i Fardal i august i fjor, kjenner seg førehandsdømt i norsk media.

Forsvarar Geir Kruge

FØREHANDSDØMT: Forsvarar Geir Kruge seier den svenske bussjåføren føler han vart dømd i media frå første dag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I prosedyren i dag kom det fram at Kruge meiner det vart slått fast i media allereie same kveld som ulukka skjedde, at det var den svenske føraren som gjennom si køyreåtferd var skuld i ulukka.

- Han meiner det har vore ei klar førehandsdømming og kjenner seg uthengt. Han har slite med dette, sa Kruge i rettssalen.

Utanfor rettssalen utdjupa forsvararen dette til NRK sin reporter på staden.

– Sjåføren har gjennom media sett det han meiner er ei utpeiking av han som syndebukk, allereie frå første dag. Han har ei oppfatning om at han ikkje har vorte behandla på ein rettvis og god måte av norsk presse, seier Kruge.

Han seier at bussjåføren har reagert sterkt på media si dekning frå starten.

– Det har bidrege til at tida etter denne tragiske hendinga har vore tyngre enn ho elles ville vore. Situasjonen er i seg sjølv veldig trist.

– Eg vil leve med sorga heile livet

I prosedyren i retten la Kruge også vekt på at belastninga denne saka har vore for tiltalte og familien hans bør vere formildande. Kruge fortalde at kona vart sjukemeld og at borna nekta å gå på skulen fordi dei vart fortalt at "far din er mordar".

– Saka har ikkje belasta berre tiltalte, men også uskuldige i born og kone. Uansett kva retten kjem til, så vil denne ulukka sette sitt preg på og vere med tiltalte heile livet, sa Kruge.

– Sorga vil eg leve med heile livet, sa den tiltalte svenske bussjåføren då han fekk ordet i rettssalen.

Om rettssaka sa han at han ikkje hadde forstått alt grunna språkvanskar. Men han var glad for at han fekk høve til å presentere sitt syn. Vidare bad han om unnskyldning for at pårørande etter den norske kvinna vart støtt av bilete han viste første dag i retten.

– Det har aldri vore meininga å seie at det som har skjedd, ikkje har skjedd, sa den tiltalte om at familien har kjend seg krenka.

Han fortalde at han har jobba heile tida sidan ulukka med å få svar på kva som har skjedd. Han sa at han ikkje fekk dokument frå politiet eller informasjon, og at han først fekk vite då han kom heim at det var ei omkomen jente også i den norske bussen.

– Eg ser meg sjølv framleis som uskuldig, men eg ber om orsaking om eg er blitt oppfatta støytande, sa den tiltalte i rettssalen.

– Forstår at familien har det tungt

Til NRK sin reporter seier forsvarar Geir Kruge at han forstår at familien til den avdøde norske kvinna har det svært vanskeleg.

– Familien har mista eit kjært familiemedlem, seier Kruge.

– Men ser du at din klient har oppført seg på ein måte som har kunna støyte familien til den avdøde norske kvinna?

– Det er alltid to sider av ei sak. Det er det også her. Det er ikkje vanskeleg å forstå at familien har ei svært tung oppleving, seier forsvararen.

– Samtidig er det viktig å påpeike at også den tiltalte er i ein svært vanskeleg situasjon, og opplever kvardagen no etter den tragiske hendinga utfordrande. Og eg trur det er viktig å påpeike at det heller ikkje for han har vore enkelt å takle livet etter denne triste saka, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Erik Slotterøy og Anette Stegegjerdet Norberg

TAKKSAM: Bistandsadvokat for faren til den taiwanske kvinna som omkom, Erik Slotterøy, takka i retten mora til den omkomne norske kvinna for å gje eit innblikk i sorgen som følgte den tragiske ulukka. Slotterøy her saman med aktor Anette Stegegjerdet Norberg.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Takka mor til den omkomne norske kvinna

I tillegg til den norske kvinna, omkom ei taiwansk kvinne under bussulukka i Fardal i fjor sumar.

Bistandsadvokat Erik Slotterøy representerer faren til den taiwanske kvinna.

I rettssalen sa Slotterøy at det var sterkt å høyre politioverbetjent Rita Skjeldestad fortelje om den taiwanske faren som stod som hjelpelaust vitne til at ingen kunne hjelpe hans livlause, fastklemde dotter i den svenske bussen.

Slotterøy var glad for at Mette Eidslott, mor til Karoline Eidslott-Svinø som omkom i ulukka, gav retten innblikk i den sorg familien har lidt.

– Det går ein annan far rundt med den same sorg og minner om det han opplevde som passasjer i bussen, sa han i rettssalen.

Slotterøy representerer også dei to taiwanske personane som vart alvorleg skadde i ulukka. Ein av dei vart påført knusingsskader og i alt 14 brot over heile kroppen, den andre knusingsskader i andletet, skader på indre organ og ei hovudskade som førte til medvitsløyse.

– Det er spesielt øvste del av kroppen, hovudregionen, som har vorte skada. Det gjer at dei må gå til fortløpande behandling heime i Taiwan, seier bistandsadvokat Slotterøy til NRK sin reporter.

– Forsvararen til den tiltalte hadde merknadar til dokumentasjonen av skadane til dei to som vart skada i ulukka. Kva tenkjer du om dei innvendingane?

– Først og fremst gjer vel forsvararen jobben sin og prøver å peike på forhold han kan peike på. Når det gjeld merknaden hans så oppfattar eg at den gjekk på framtidige skadeverknadar, og det er heilt riktig at det er vanskeleg å seie kva dette vil bety for framtida. I forhold til krav om erstatning så meiner eg det ikkje er relevant.

Til saman den norske familien, faren til den taiwanske kvinna og dei to alvorleg skadde bede om 725.000 kroner i erstatning.

Ber om frifinning etter tiltalen

Til NRK sin reporter seier forsvarar Kruge at sjåføren ber om frifinning.

– Det er sjåføren sitt syn at han må frifinnast etter tiltalen, fordi han meiner at han ikkje har utført slik aktløyse som tiltalen omhandlar, seier Kruge.

Dersom retten likevel skulle finne eit grunnlag for domfelling, meiner forsvararen at dei ni månadane aktoratet ber om er for mykje.

– Det er fleire formildande omstende som retten har plikt til og er nøydd til å ta til betraktning. På grunn av rettspraksis i liknande saker har eg landa på null til seks månadar, dersom retten finn grunnlag for ein dom.

Aktor la også ned påstand om kverrsetjing av førarkortet for livet og at den tiltalte skal miste retten til persontransport resten av livet. Også her ber forsvararen om full frifinning, då sjåføren meiner han ikkje har opptredd uansvarleg.

– Skulle retten likevel dømme min klient, bør reaksjonen vere ned mot minstekravet i lova, og då er det ikkje snakk om livsvarig tap av førarretten, seier Kruge.

Kritisk til politiet

Under sin prosedyre i rettssalen kritiserte forsvararen at politiet i sin ulukkesrapport dagen etter ulukka, slo fast at tiltalte var skuld i ulukka.

Dette vedgjekk politioverbetjent Rita Skjeldestad ved Sogndal lensmannskontor var uheldig og feil då ho forklara seg. Også sakkunnig Arvid Aakre meinte dette var uheldig.

– Så vil eg overlate til retten å vurdere om dette er godt politiarbeid, sa Kruge i retten.

Utanfor rettssalen forklarar Kruge at kritikken er retta mot dei tidlege konklusjonane.

– Eg er, som den sakkunnige også har vore, opptatt av at det ikkje er riktig å trekkje konklusjonar på eit tidspunkt i arbeidet då ein umogleg kan ha ei sikker nok oppfatting til å uttale seg så bastant som det her vart gjort. Det er det eg har reagert på, seier Kruge.