Sogn og Fjordane har framleis håp om å "vinne" NM-cupen i fotball for menn. - HÅP: Med alle av våre lag ute av NM-cupen etter berre to rundar, blir det opp til ti individualistar å berge æra i cupmeisterskapen. - Foto: Fotomontasje /

HÅP: Med alle av våre lag ute av NM-cupen etter berre to rundar, blir det opp til ti individualistar å berge æra i cupmeisterskapen.

Foto: Fotomontasje

«Vi» kan framleis vinne cupen

Med alle våre lag ute av NM-cupen i fotball, er det berre ti aktørar i åtte ulike klubbar som kan syte for eit snev av cupmeisterskap i Sogn og Fjordane i år.

Berre Sogn og Fjordane og Vest-Agder er fylka som ikkje lenger er med i kampen om å spele cupfinalen på Ullevaal 25. november.

Likevel er nær eit heilt fotballag frå fylket framleis med i cupen. Trenar for 2. divisjonslaget Kvik Halden, sogndølen Ørjan Christiansen, stod kanskje for den største bragda då disiplane hans gav han skalpen til storebror Fredrikstad i gåve på 34-årsdagen.

– Det var utruleg moro. Det var David mot Goliat, veslebror som slo storebror og alt på ein gang, gliser han.

Eksporten må kjempe

Av landets 19 fylke, vil 17 vere representert i oppsettet for 3. runde av cupen som Fotballforbundet presenterer over helga. For 3. divisjonslaget Tornado Måløy og eliteserielaget Sogndal sin del varte cupeventyret ein kamp. Florø takka for seg i andre runde etter heimetapet for Brann.

Dermed er det fotballeksporten som må kjempe for fylket si ære på vegen mot Ullevaal. Dei tel ti aktørar, og representerer åtte ulike lag. Sjølv har ikkje Christiansen store håp om ein cupfinale i 2012.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video a3f709d6-1750-4d0c-9938-429edb85cbac.jpg - Foto: Nyhetsspiller /

SJÅ TV-SAK: Kvik Halden sendte Fredrikstad ut av cupen.

– No har vi nådd målsetjinga, som var å slå eit attraktivt lag. For vår del kunne det ikkje vere eit meir attraktivt lag som var mogleg å slå ut. Fredrikstad er det store flaggskipet i Østfold og historisk sett har det vore nok med rivalisering, seier han.

Ti sogn- og fjordingar att

Aalesunds-spelar Peter Orry Larsen har siste tre åra sytt for ein snev av cuptriumf for Sogn og Fjordane med to cupgull på Ullevaal. Som sportsdirektør i Strømsgodset kunne stryningen Jostein Flo juble over cupgull i 2010.

Vegard Gjermundstad - SKADD: Hønefoss-spelar Vegard Gjermundstad er langtidsskadd - Foto: Rune Fossum / NRK

SKADD: Hønefoss-spelar Vegard Gjermundstad er langtidsskadd

Foto: Rune Fossum / NRK

I tillegg har vi Børre Steenslid, Even Hovland (begge Molde), Erik Sandal (Hødd), Gøran Wigum (Kongsvinger), Rune Bolseth, Vegard Gjermundstad (begge Hønefoss) og Oddbjørn Skartun (FK Haugesund).

– Det som kjem det kjem, med utgangspunkt i at det er oppsett også i 3. runde, så reknar eg med alle fekk med seg kva som skjedde i Halden. Så vi hadde ikkje takka nei til Vålerenga på heimebane, seier Christiansen.

Video 2c91cf0a-37ef-480c-aa86-b892a825cc9d.png - Foto: Nyhetsspiller /

SJÅ TV-SAK: Florø tapte 1–6 heime for Brann i cupen.

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.
Aktørane i tingretten på befaring på Bryggja i dag i samband med bildrapssaka.
Ny utgåve av fotballstudio
Den nye akutt-basen ved Førde sentralsjukehus til 166 millionar kroner kan bli malen for resten av helse-Norge.

Kvar er dette?

Kvar er dette? - Foto: Ottar Starheim / NRK
Foto: Ottar Starheim / NRK

Veit du kvar dette er? Du kan vinne Flax-lodd

Høyr sendingane våre

Gro Ravnestad - Foto: Arne Stubhaug / NRK
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Høyr alt vi sender - direkte og i opptak

Vestlandsrevyen

Vestlandsrevyen - Foto: Marit Hommedal / Scanpix
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Sjå Vestlandsrevyen her