Hopp til innhold

– Vis omsyn til innbyggjarane i fjellet

Om du er ein av dei heldige som får sjå villrein på fjellet i tida framover, må du vise ekstra omsyn. Nærkontakt med dyra kan få alvorlege konsekvensar.

Villrein i Sunnfjord

UNNGÅ NÆRKONTAKT: På denne tida av året er det ekstra viktig å ikkje skremme villreinen.

Foto: Jan Benkholt

For mange blir påska i stor grad brukt på fjellet. Dermed er det ekstra stor sjanse for at fleire vil møte på villrein. Det medfører eit ansvar, ifølgje Jan Ove Flaten som er leiar i Sunnfjord Villreinområde.

– Ein må ha respekt for dei innbyggjarane som er i fjellet. Reinen er innbyggjar der, og då er det om å gjere å ikkje skremme den unødvendig no i påskeutfarten, seier han.

Reservane er på eit minimum

For villreinen har det vore ein grei vinter med mykje laus snø i høgda, i staden for fast og isete terreng som er ei større utfordring for desse dyra. Likevel er villreinen meir sårbar no etter ein lang vinter med mykje snø.

– Simlene som er drektige har kring ein månad igjen før kalving, og samstundes er vinteren på hell. Det vil seie at reservane dyra har bygd seg opp er begynt å nærme seg eit absolutt minimum, seier Flaten.

Visste du at villreinen lever i eit tjuetals fjellområde også i Sør-Norge? Ut i naturen har vore tett på villreinen i Sunnfjordfjella i Sogn og Fjordane i tre år. Gjennom lange vintrar, vår og kalvingstid, varme somrar og sterke vestlandshaustar med reinjakt og paringstid, får du nærmøte med den vestlegaste villreinen i landet. For fyrste gong er det no forska skikkeleg på desse små norske villreinflokkane. Er desse små flokkane med vakre dyr verkeleg liv laga i framtida?

VILLREIN I VEST: Sjå «Ut i naturen» sitt program om villreinen i Sunnfjordfjella.

Om du vil sjå på dei flotte dyra er det ingenting i vegen for det, ifølgje Flaten, men det har sine grenser.

– Ikkje oppsøk nær kontakt med dyra slik at dei blir skremt. No held dei seg på veldig små område, og vi må late dei halde seg der. Som sagt går dei også på dei siste reservane no, seier han.

Kan reise frå kalven om dei blir skremt

Jan-Ove Flaten

TA OMSYN: Det er oppmodinga frå leiar i Sunnfjord Villreinområde, Jan Ove Flaten.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Før kalvetida er det i første omgang viktig å ta omsyn fordi dyra er slitne etter ein lang vinter, men det er også fleire grunnar til å vere forsiktig. Når kalvane er komne til verda kan nærkontakt få konsekvensar også for dei.

– Simlene kastar kalven no om dei blir for hardt pressa, og dei må gjere eit val om å berge seg sjølv eller kalven. Då kastar dei kalven, seier Flaten.

NRK-programmet «Ut i naturen» sende i slutten av mars eit heilt program om villreinen i Sunnfjordfjella. Flaten fortel at han har fått mange gode tilbakemeldingar på programmet, og trur fleire er overraska over at det finnast så mykje villrein her i fylket. Om du gjekk glipp av programmet kan du sjå det lenger oppe i saka.