Hopp til innhold

Innavl kan ta livet av villreinen på Vestlandet

Ny genforsking viser at villreinflokkane på Vestlandet kan døy ut på grunn av for lite nytt blod inn i flokkane.

Villrein i Sunnfjord

KAN BLI SLUTT: Ettersom flokkane av reinsdyr på Vestlandet er så små og ikkje får tilført 'nye' dyr - kan det bety slutten for landets vestlegaste reinsdyrflokk.

Foto: Johan Moen / NRK

– Viss dyra blir så einsarta at dei ikkje er i stand til å reprodusere seg, så stoppar det opp. Det ser vel ut til at dette er avvikla om nokre år, seier leiar i Sunnfjord Reinsdyrlag, Jan Ove Flaten.

I Sunnfjord finn ein dei tre vestlegaste reinsdyrflokkane i landet. Ein flokk går i området rundt Førde og Solheimsdalen, ein flokk mellom Langeland og Rørvikfjellet, og ein flokk mellom Jølster og Haukedalen opp mot breen. I alt rundt 100 dyr totalt.

Jan-Ove Flaten

UROA FOR VILLREINEN SI FRAMTID: Jan Ove Flaten er leiar i Sunnfjord Reinsdyrlag.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Merkar tendens til innavl allereie

– Vi har merka litt tendensar på enkelte dyr som skil seg ut i flokken med farge og gevirutvikling som er dårleg. Så vi ser tendensen, seier Flaten.

No viser ny genforsking viser at flokkane på Vestlandet som vart sette ut i naturen på 1970-talet treng tilførsel av nye dyr og nytt blod. Elles vil flokkane bli råka av innavl. Undersøkingane viser at flokkane er svekka berre på få år.

– Det vi ser er at dei små isolerte bestandane har redusert genetisk variasjon. Når det er få dyr i ein flokk og det er ein isolert bestand er det stor sannsyn for innavl. Det vil ha mykje å seie for vidare overlevingsevne, seier biolog Kjersti Kvie.

Tidlegare fekk flokkane tilført nye dyr og dermed også nytt blod for å unngå innavl. Men det har stoppa.

Får ikkje sette ut "nye" dyr i flokkane

– Vi har søkt direktoratet om å få sette ut nye dyr, men det får vi ikkje lenger lov til og dermed blir vi uroa for framtida, seier Flaten.

Seniorrådgjevar Eirik Lund i Miljøverndirektoratet seier at dei prioriterer dei store villreinflokkane.

– Vi bryr oss om villrein og så må vi sørge for å ta vare på villrein som ressurs i Noreg og håpe at den også overlever dei små områda. Men blir det snakk om å prioritere, så blir ikkje dei små områda prioritert.

For reinsdyrlaget er ikkje dette godt nytt. Flaten ser mørkt på framtida for villreinen i området.

– Det er ikkje umiddelbart kritisk, men på litt sikt vil dette vere svært kritisk.