Hopp til innhold

Slik har dei fanga kommunen på film

Kameratane i Gloppen har lagt ned tallause timar med arbeid dei siste månadane. Tunge turar med fotoutstyr opp og ned mellom fjordar og fjell har resultert i det mange skildrar som eit kunstprosjekt.

Nordlys sett frå Kandal mot Reed

KOMMUNEN PÅ FILM: Dei to filmskaparane har brukt både dagar og netter på filmen «Prosjekt Gloppen». På biletet ser du nordlyset sett frå Kandal mot Reed.

Foto: Prosjekt Gloppen

– Det er så vakker natur her, og det er ein natur vi meiner fortener ein film.

Det er forklaringa på at filmskaparane Iver Heen Ask (20) og kameraten Sondre Utheim (19) har lagt ned mykje tid og energi for å lage ein film om naturen i heimkommunen.

Har reist kommunen rundt frå fjell til fjord

«Prosjekt Gloppen» har blitt til i løpet av eit par månader, og sidan mai har dei to reist rundt i heile kommunen for å fange det dei meiner er fantastisk vestlandsnatur.

Dei to har begge gått medielinja på Firda vidaregåande skule, og kunnskapen derifrå har kome til nytte når dei har brukt timevis på ulike fjelltoppar rundt omkring i kommunen.

– Vi har vore rundt på veldig mange forskjellige fjelltoppar, og tanken har vore å filme mange soloppgangar og solnedgangar. Vi har festa mykje fin utsikt og fin natur til film, og har i tillegg fått med oss stjerneklare netter og nordlys, fortel Heen Ask om filmen.

– Vi har prøvd å reise ut på dei høgste fjelltoppane når det har vore finvêr, men det har vore ein del dagar med mykje regn og ruskevêr også.

– Så det er ikkje noko glansbilete av heimkommunen de presenterer?

– Det er det ikkje, men det har ikkje vore noko poeng å få fram kor mykje regn det er heller, flirer han.

(Artikkelen held fram under)

Nautefjellet og soloppgang

PÅ SITT FINASTE: Soloppgangar og solnedgangar er det mykje av i filmen. Her ser du soloppgang frå Nautefjellet.

Foto: Prosjekt Gloppen

– Har blitt kalla kunstprosjekt

Heen seier dei har hatt fokus på å fange heile Gloppen, ikkje berre «Gamle Gloppen», som er området rundt Gloppefjorden. Både Hyen, Sandane og Breim blir tydeleg vist fram i filmen, fortel han.

Håpet er at filmen kan vere med å lokke turistar og utflytte glopparar heim att. Laurdag viser dei filmen på kinoen i bygda.

– Først tenkte vi at dette var ein film for glopparar, men når den no er ferdig ser vi kanskje at det er potensial for noko meir, seier han.

– Fleire som har sett den har brukt ordet kunstprosjekt eller kunstfilm, men eg veit ikkje heilt kva eg skal seie, seier 20-åringen.

Førebels er det ikkje planar om å vise filmen andre stader, men dei to filmskaparane er veldig opne for at lokale bedrifter kan få bruke materialet.

– Kanskje kan det vere aktuelt for reiselivsbedrifter i Gloppen å bruke noko av materialet. Dette representerer jo den generelle vestlandsnaturen også, seier han.

Rausetstøylen i Gloppen

DET BESTE: Dei to kameratane har reist rundt i heile kommunen. Her frå Rausetstøylen.

Foto: Prosjekt Gloppen