Hopp til innhold

– Nei til kraftutbygging i flaumutsette vassdrag

Leiar Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet er imot å oppheve vern av vassdrag for å unngå skadeflaum.

Lars Haltbrekken

SKEPTISK: Leiar Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet vender tommelen ned for kraftutbygging som flaumvern.

Foto: Kristine Hirsti / NRK

Ordførar Noralv Distad (H) i Aurland meiner at Flåmselvi bør byggjast ut for å sikre mot flaumar som den som kom 28. oktober i fjor. Då vart 13 bustader øydelagde, og 160 personar vart evakuerte då den uregulerte Flåmselvi fløymde over.

Distad får støtte frå ordførarane i Odda og Voss, som også har flaumutsette vassdrag. Men Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet meiner det må vere andre måtar å hindre flaum på enn kraftutbygging.

– Vi er skeptiske til å endre på vernereglane for dei elvane som vi har teke vare på for framtida. Det er store naturverdiar knytte til desse vassdraga, og vi veit at det framleis er eit stort utbyggingspress på elvenaturen i Norge.

Flåmselvi sine herjingar

STORE ØYDELEGGINGAR: Slik såg det ut langs Flåmselvi etter flaumen 28. oktober i fjor.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Forstår frustrasjonen

Haltbrekken meiner ein i staden bør sjå om det er mogeleg å spele på lag med naturen for å dempe konsekvensane av flaum. Som døme nemner han det å ta vare på myrområde nær elvane og område der elvane kan få utløp i flaumperiodar.

– Vi veit at vi dessverre har bygd veldig tett langs ein del av elvane, og vi har bygd ned mange av dei naturlege våtmarksområda. Det må vi slutte med, vi må bruke dei områda i naturen som kan brukast som flaumdemparar. Men vi vil ikkje alltid greie å sikre oss mot naturkreftene.

– Men må ikkje det å sikre innbyggjarane gå framom vern?

– Det er svært viktig å trygge innbyggjarane, og vi forstår den frustrasjonen som er hjå innbyggjarar som blir råka. Men vi må heller prøve å spele på lag med naturen, og ta i bruk område som ein kan bruke til å leie vatn vekk frå bygningar og andre materielle verdiar når ein flaum først er der.

Det er meir enn 350 verna vassdrag i Norge. Men Lars Haltbrekken har ikkje sansen for å sikre nokre av dei mest flaumutsette, som Flåmselvi, gjennom kraftutbygging.

– Dette har kome fram som eit argument for kraftutbygging fleire gonger, også på 1980- og 1990-talet. Desse vel 350 vassdraga har verdfulle naturkvalitetar som vi har ansvar for å ta vare på.