Hopp til innhold

– Familien hans er svært uroa

Politiet har fått kontakt med familien til eritrearen som er sakna frå asylmottaket i Årdal. No vil dei gjere alt for å gje svara slektningane ventar på.

Sakna asylsøkar

SAKNA: Den 24 år gamle eritrearen har vore sakna i over ei veke, og politiet ber om tips i saka.

Foto: Politiet

– Dei er undrande til kva som har skjedd og sjølvsagt svært uroa, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen.

Den 24 år gamle asylsøkjaren frå Eritrea vart meld sakna seint om kvelden fredag 22. mai. Eit redningshelikopter vart sett inn søket, og dei neste dagane bidrog store styrkar i forsøket på å finne mannen. Tysdag 26. mai stilte 150 årdøler opp og leita i Øvre Årdal, Fardalen og Utladalen.

Familien ønskjer svar

Søket har gått over til leiting etter ein omkomen, og vidare leiteaksjonar er utsette til neste helg.

– Familien ønskjer gjerne svar på kva som har skjedd, og vi ønskjer å hjelpe dei med det, seier Knudsen, som difor framleis er svært interessert i tips.

– Vi har ikkje fått nokre nye tips, men alle observasjonar og tips er interessante, og vi ber folk ringe 02800, seier lensmannen.

Frivillige i leiteaksjon i Årdal

STILTE OPP: 150 personar frå lokalsamfunnet stilte opp og bidrog i søket tysdag, men ingen funn vart gjort.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Mobilen send vidare til Kripos

– No driv vi etterforsking og går gjennom informasjon og opplysningar, i tillegg til å legge til rette for finsøket neste helg. Mobilen hans er send vidare frå Florø til Kripos for undersøkingar, seier Knudsen.

Då 24-åringen forsvann låg mobiltelefonen og lommeboka låg att på bustaden hans, og det er ingenting som tyder på at han har reist frå bygda, seier Knudsen.

Magne Knudsen

LENSMANN: Magne Knudsen

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Han hadde fått opphaldsløyve i Norge og venta på kommune å bu i. Sidan vi fekk saknameldinga så fort fekk vi sjekka med alle bussruter, og vi har ingen informasjon som tyder på at han har reist frå Årdal, seier Knudsen.