Hopp til innhold

– Bomskot med krav om 55 prosent kristendom

Fleire i KrF i Sogn og Fjordane meiner det var uklokt av partileiing å pressa gjennom at det skulle vera minst 55 prosent kristendom i det nye religionsfaget i skulen, KRLE.

Kjell Skaaheim

UHELDIG FOR PARTIET: – KrF sitt krav om 55 prosent kristendom i det nye religionsfaget var eit bomskot, meiner Kjell Skaaheim i Førde KrF.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det nye faget Kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) er blitt presentert som ein KrF-siger som støtteparti for H-Frp-regjeringa. Tvert imot, meiner Gustav Johan Nydal i Flora KrF.

– Der kom me uheldig ut. Om det er to prosent meir eller mindre kristendom, er uvesentleg. Me skulle heller satsa på dei frivillige organisasjonane og få dette blir å bli ein positiv ting i staden for å prøva å pressa kristendom på folk, slik det blei oppfatta av mange.

Kontroversielt gjennomslag

På fylkesårsmøtet til KrF i helga tok ingen til orde for å bryta samarbeidet med dei to regjeringspartia, sjølv ikkje etter dei kontroversielle utsegnene til Frp-nestleiar Per Sandberg nyleg.

For stortingsrepresentant Anders Tyvand (KrF), som vitja årsmøtet, var det derimot viktig å minna om alle kjernesakene han meinte partiet hadde fått gjennomslag for. Ein av desse «sigrane» var avtalen om at livssynsfaget RLE skulle endra namn til KRLE, og at faget i utgangspunktet skulle innhalda minst 55 prosent kristendom.

Anders Tyvand

EIN SIGER: – Dette har blitt ei kontroversiell sak, men eg tykkjer det er heilt rimeleg at andelen kristendom i religionsfaget blir heva, sa stortingsrepresentant Anders Tyvand (KrF), som vitja årsmøtet til Sogn og Fjordane KrF i helga.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dette har blitt ei kontroversiell sak, men eg tykkjer det er heilt rimeleg at andelen kristendom i religionsfaget blir heva frå det som er realiteten i dag. Dessutan har me fått religion- og livssynsemne inn i lærarutdanninga. Det er ikkje så verst, sa Tyvand.

Misnøye òg i kyrkja

Protestane har vore kraftige, ikkje berre frå humanetikarane, men òg frå fleire biskopar. Eit pressa KrF gjekk difor i fjor haust med på å skrinleggja 55-prosentkravet og erstatta det med ei rundare formulering om at «om lag halvparten» av faget skal vera kristendom.

Støyen har ikkje gagna KrF, meiner Kjell Skaaheim i Førde KrF.

– Det var eit bomskot. Det har vore så mykje negativ merksemd at KrF har lite att for det. Prosentrekning av faget har ikkje hatt noko føremål. Då er det mykje viktigare at religion og livssyn er blitt eit obligatorisk tema på lærarutdanninga.

Gustav Johan Nydal

UHELDIG: – Folk oppfatta det som om KrF prøvde å prakka kristendom på dei, sa Gustav Johan Nydal i Flora KrF på fylkesårsmøtet i partiet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Men det var òg delegatar på årsmøtet som støtta KrF-leiinga si handtering. Ein av dei var Frode Bøthun i Balestrand KrF.

– Me skal ikkje vera så livredde for at folk er usamde med oss. Viss me meiner at skuleungane skal få meir kunnskap om kristendom, så må me tora å meina det.