Hopp til innhold

– Alt som er nytt skapar reaksjonar

Arkitekt og eigar av Snøhetta, Kjetil Trædal Thorsen, er usamd med kritikken som kjem mot utkastet dei har levert til nye og moderne Tungestølen i Luster.

Kjetil Trædal Thorsen

MEINER DEI FØLGJER TRADISJONEN: Kjetil Trædal Thorsen er arkitekt og eigar av Snøhetta.

Foto: Montasje: Snøhetta/DNT og Bjørn Sigurdsøn, Scanpix

Utkastet får så hatten passar frå fleire hald.

– Alt som er nytt skapar reaksjonar, seier arkitekt og eigar av Snøhetta, Kjetil Trædal Thorsen.

Stølen vart rasert av orkanen Dagmar i 2011 og arkitektkontoret har fått i oppdrag av Den Norske Turistforening å teikne det nye bygget.

Rasar mot DNT og Snøhetta

Men dei nye planane har fått alt anna enn god mottaking frå turfolket. Turlagsentusiast Louis Anda håpar at lokale byggjestyresmakter seier nei til planane

– Dette synest eg er verkeleg eit skrik inn i ein flott fjellheim, der byggeskikken kunne vore henta ut frå dei stølane og sela som er der, seier Anda.

– Vi hugsar diskusjonen kring operabygget i Oslo. Det var ikkje alle som tykte det var så storarta at ein skulle kunne gå på eit operatak, for det hadde ikkje vore gjort tidlegare. I ettertid er det ingen tvil om at det har gitt eit sterkt bidrag til det som går føre seg inne i operaen, seier Trædal Thorsen.

Tar omsyn til tradisjonen

I Snøhetta meiner Trædal Thorsen at dei har tatt omsyn til tradisjonen.

– Ja, absolutt. Vi teiknar ikkje noko som er fritt frå den tradisjonen vi sitt i, men det betyr på langt nær at det skal kopierast med notidas verktøy, for då vert det berre dårlege kopiar.

– Kva er iden bak den utforminga de no har kome fram til?

– Det viktigaste er at det i nokon av bygga skal vere heilårsdrift, medan det i andre ikkje skal vere det. Det betyr at det er ulik storleik og ulik kvalitet og isolering. Bygga er sette forsiktig ned slik at dei også kan fjernast igjen utan grove inngrep i sjølve naturen.