Hopp til innhold

5,5 millionar kubikk vatn skal ned her

Bresjøen er ikkje til å kjenne att frå i går: Enorme vassmengder har allereie funne veg nedover vassdraget, men meir skal kome.

Harbardsbreen

5,5 MILLIONAR: Dette bilete er teke laurdag føremiddag. Det er venta 5,5 millionar kubikk vatn, og Hydro tappar no alt dei kan av vatn frå Fivlemyrmagasinet for å ta unna.

Foto: NVE

– NVE sine folk estimerte at vatnet er fem meter lågare i dag. Men vi har ingen auke i magasinet, seier Johnny Bruheim, vassdragsteknisk ansvarleg i Hydro Energi Sogn.

Saman med NVE og ordførar Ivar Kvalen, var han på synfaring i helikopter i dag. Ved innsjøen ved Harbardsbreen har stor snømelting har ført til eit jøkulhlaup, ein flaum frå den bredemte innsjøen. Hydro har tappa mykje vatn frå Fivlemyrmagasinet det siste døgnet, for å kunne ta i mot vassmengdene frå innsjøen.

– Vi greier å tappe meir enn det kjem inn i magasinet, men det byrjar å nærme seg ei grense. Vi forventar stigning. Men basert på estimat frå 2010 har vi kontroll på situasjonen så lenge det ikkje kjem nedbør, seier Bruheim.

Harbardsbreen

PØSAR UT: Svært mykje vatn er på veg nedovervassdraget og det tømmer vatna lenger oppe. Her er vatnet lågt.

Foto: NVE

– Faren går ned time for time

Magasinet tek 3,5 millionar kubikk med vatn, og det er venta at dei samla mengdene vatn frå breen blir minst 5,5 millionar.

Folk nede i dalen, der 50 personar har blitt varsla om mogleg evakuering, kan ha merka at det er meir vatn Fortunselva i dag, men det er planlagd.

– Me har auka vasstanden frå litt over 40 kubikk i går kveld til litt over 60 kubikk i dag. Det er for å kunne ta i mot meir i magasinet, og gjere flaumtoppen mindre, seier Jan Idar Øygard frå Hydro.

– For kvar time som går, så går faren ned. Jo lenger vi klarer å halde unna ved at Hydro tappar vekk vatnet, jo mindre sjanse er det for at det skal bli ein stor skadeflaum, seier regionsjef i NVE, Brigt Samdal.

Vestre bresjø i Fortunsdalen

I GÅR: Slik såg det ut ved bresjøen i går.

Foto: NVE

Vil auke på det neste døgnet

Den store frykta i går kveld var at det skulle kome mykje vatn raskt i ein tidleg fase.

– Då fyller magasinet seg opp og vi får ei tidlegare oversvømming. Men det har gått veldig bra, seier Brigt Samdal.

50 menneske frå 20 husstandar er varsla om at dei kan måtte evakuere på kort varsel, men det er ikkje sett i gang evakuering.

Brigt Samdal - Regionsjef Vest NVE

NVE: Brigt Samdal.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Vi er budd på dei større vassmengdene som vil kome det neste døgnet. Det vil auke på med vatn som kjem frå den bredemte innsjøen, seier Samdal.