Hopp til innhold

Trygg Trafikk kan ikkje minnast ein slik start på påska

Påska har fått ein tragisk start med ein omkomen og fire skadde på vegane i Sogn og Fjordane. I alt 15 personar har vore involert i fire ulukker.

Ulukke Brandsøy Florø

OMKOM: Ein ung gut omkom i den tragiske ulukke ved Brandsøy i Flora. Det er ei av fire ulukker som har skjedd i løpet av onsdagen.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Ein 19 år gamal gut omkom og ei 18 år gamal jente vart alvorleg skadd i trafikkulukka ved Brandsøy. Ytterlegare tre personar vart skadde i ulukker i Vik og Vadheim.

Fire personar kom uskadde frå kollisjonen i Botnatunnelen i Aurland.

– Eg veit at vi har hatt helgar tidlegare med ein del skadde, men ikkje så stort omfang som i dag, seier Audun Heggestad i Trygg Trafikk.

– Køyr varsamt

Audun Heggestad

FRYKTAR: Audun Heggestad i Trygg Trafikk tykkjer påska har fått ein trist start med dei mange ulukkene.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Sogn og Fjordane såg i fjor det lågaste talet nokosinne for omkomne på vegnettet, med ein omkomen. Så langt i år er to personar omkomne på vegane i fylket.

Heggestad fryktar den tragiske starten kan utvikle seg til ei ulukkespåske. Han oppmodar bilistane om å vise varsemd.

– Ta deg god tid. Sjekk at du har gode dekk, og at dei ikkje er nedslitne i høve til at dei har vore brukt heile vinteren. Sjekk at du har god vinterutrustning, oppmodar han.

Fryktar ulukkespåske

Heggestad fryktar ei ulukkespåske. Dagen i dag er den største utfartsdagen i påska, der mange har tider og ferjer dei skal nå.

– Vi har hatt ei veldig positiv utvikling på trafikkulukker over lengre tid, med relativt få skadde og omkomne. Då kjenner ein seg gjerne litt tryggare, men dette viser at ein må vere på vakt heile tida og tilpasse seg både vêr og vegforhold, seier han og legg til:

– Vi nærmar oss våren, men ein må ta høgde for at sommaren framleis er eit stykke unna.

Ventar at farten vil auke

Terje Oksnes

UP: Distriktsleiar Terje Oksnes seier Up primært vil vere ute i dag og på den store heimfartsdagen 2. påskedag.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Terje Oksnes, distriktsleiar i Utrykkingspolitiet, støttar oppmodinga om å køyre varsamt.

– Det er relativt stor trafikk, men ikkje mange fartsoverskridingar. Men vi ventar at farten vil auke på ettersom trafikken minskar i dag, seier han og har følgjande råd til trafikantar: Hald avstand og hald deg i køen.

– Ta deg god tid. Det er ikkje noko å stresse for. Fleire forbikøyringar i køar til fjells fører berre med seg irritasjon hos medtrafikantar og farlege forbikøyringar. Hald avstand og hald deg i køen, er det beste rådet.