Hopp til innhold

Bil på taket på Vangsnes

Ein personbil med tre personar har gått rundt og ligg på taket på rv13 på Vangsnes.

Vik

– Ingen personar skal vere skadde, opplyser operasjonsleiar Wenke Hope i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det er svært glatt der ulukka har skjedd.

Politiet opplyser at uhellet har skjedd i samband med at ein bil har køyrt inn på riksvegen og ikkje helde vikeplikta. Det var bilen som svinga unna som hamna på taket. Alle skal vere uskadde. Føraren av bilen skal vere lettare skadd.

Førarkortet til sjåføren som ikkje overheldt vikeplikta er beslaglagt. Sjåføren var ei kvinne i 70-åra. Det er ikkje mistanke om rus.