Hopp til innhold

Fleire skyttarar frå fylket til finale etter god skyting i helga

Det har vore god skyting på Landsskyttarstemnet i Oppdal i helga. Fleire av fylket sine skyttarhåp siktar seg no inn mot finalar i slutten av veka.

Jon-Hermann Hegg

TIL FINALE: Jon-Hermann Hegg som skyt i klassen eldre rekrutt hadde fullt hus under dagens skyting på LS.

Foto: Jørn Njøs

Etter ein vindfull dag i Oppdal i går har det stilna litt i dag og mange frå Sogn og Fjordane har skote svært bra.

Både Lars Ove Dulsvik frå Sogndal, Jon-Hermann Hegg frå Hegg og Georg L. Johnsen frå Askvoll og Holmedal har i dag søndag skote fullt hus med 250 poeng i klassen eldre rekrutt og baneskyting. Desse er dermed klare for finale.

– Det har vore svært god skyting i dag, seier leiar i Fjordane skyttarkrets, Jørn Njøs.

Han har trua på fleire som kan nå heilt til topps i finalane.

– Både Jon-Hermann Hegg og Lars Ove Dulsvik har skote mykje fullt i år. Dei er veldig gode. Dulsvik vann jo under stemnet i fjor, så eg trur han har gode sjansar, seier Njøs.

Mange med fullt hus

Også Eskil Forthun frå Farnes har skote godt med 249 poeng. Njøs er usikker på om han vert med i finalen sidan det ikkje er sett noko finalegrense enda. Han fortel at det er veldig mange med fullt hus.

I klassa veteran 55 er Reidar Hestetun frå Hafslo nummer tre og dermed klar for finale med sine 246 poeng. Det same er Bjarne Sandvik frå Knipenborg som ligg på ein 6. plass.

I klasse 2 er Merete Grimestad Birkeland frå Gaular den beste frå fylket med 240 poeng og er nr. 10. også ho er i finale.

Gode rekruttar

I rekruttklassen har fire skyttarar kome til finalen der alle har skote 30 treff i feltrunden si.

Desse er Vegard Eikevik frå Sogndal, Hermann H. Uglum også frå Sogndal, Per Inge Straume frå Hyen, Alf-Thomas Takle Tytingvåg frå Nordbygda og Rand og Tobias H. Barsnes.

– Desse skyt på figurar der det er maks 30 treff. Her sikra alle fire seg ein plass i finalen som er på fredag, seier Njøs.

Njøs meiner det er svært god skyting på gutane frå Sogndal skyttarlag.

Laurdag var det god skyting frå rekruttane også.

Herman H. Uglum skaut då til 249 poeng og er nummer 2, Vegard Eikevik fekk 247 og er nummer. 14. Også Torinn Eiken frå Hyllestad har 247 poeng.
Finalen her vert tysdag.

Andreas Veum frå Farnes hadde laurdagen 30 treff og fullt hus på felten i klassen veteran 73 og ligg på ein 8. plass. I tillegg har Anders Holsen frå Holsen, Ståle Loftheim også frå Holsen samt Magnar Molland skote til 28 treff.

I seniorklassa er Rune Vikersveen på ein 2. plass til no med 29 treff på felten.

Også Martin Herstad frå Knipenborg i klasse junior gjorde det bra med 30 treff.