Hopp til innhold

«Det fyk teltstenger og knuste delar gjennom lufta - det er reine katastrofeområdet»

Plutseleg kastevind med enorm styrke har herja rått med området der Landsskyttarstemnet held til på Oppdal i Trøndelag.

Vind på LS

VELTA: Denne campingvogna var ei av dei som velta under stormkasta på Oppdal i dag. Ifølgje Stein Mortensbakke er ikkje campingvogna knytt til delegasjonen frå Sogn og Fjordane.

Foto: privat/Stein Mortensbakke / privat

– Det er heilt vilt. Alt flyg omkring. Det susar teltstenger og knuste delar

gjennom lufta, fortel leiar i Førde skyttarlag, Stein Mortensbakke.

Han har campingvogn i området der vinden har herja verst. Dei fleste frå delegasjonane frå Nordfjord og Sunnfjord ligg i same området.

Mortensbakke var på standplass på feltskytinga då vinden tok til for fullt.

  • Har du bilete frå Landsskyttarstemnet? Send dei gjerne på e-post til sf@nrk.no, eller på MMS til 1987 med kodeord sf.

Blinkane forsvann med vinden

– Det var så ille at eg mest vart blesen over ende når eg sat på kne. Eg har ikkje opplevd maken, seier Mortensbakke.

Då han skulle på neste skyting, var det slutt på heile greia. Av ein enkel grunn.

– Skiveanlegget var blåse over ende, så det var ikkje noko å skyte på, for å seie det slik, ler Mortensbakke.

Verst var det at dei to døtrene hans var åleine då uvêret kom susande, men dei er tekne hand av i nokon i samlaget.

– Men dei vart skikkeleg skremde, stakkars, seier Mortensbakke.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kasta rundt

SOM FYRSTIKKER: Alle bord og tribunar på hovudarenaen er kasta rundt, og ligg opp ned. – Det ser ut som eit katastrofeområde, seier Stein Mortensbakke.

Foto: Stein Mortensbakke / NRK

Stappa forteltet i vogna for å berge det

Han fortel at massevis av fortelt til campingvogner er blesne av garde, eller fullstendig øydelagde av vinden. Også hans eige.

– Nokon tok ansvar for å berge det då vinden tok laust, så det er stappa inn i campingvogna. Eg ser at ein del stenger er brotna, men heldigvis er sjølve vogna intakt, seier Mortensbakke.

Men spor rundt vogna, vitnar om at utrulege krefter har vore i sving.

– Klossane under vogna er blesne vekk. Så vinden har vore heftig når vogna har rugga slik på seg at klossane har blåse vegger imellom, seier Mortensbakke.

(Artikkelen held fram under videoen)

Se teltet bli tatt av vinden på Landsskytterstevnet på Oppdal.

Her flyr teltet på Landsskytterstevnet

Har evakuert hovudarenaen

Han fortel om enorme materielle skadar. Også på sjølve skytearenaen har det gått vilt for seg.

– Digre salstelt vart rivne opp. Det vart sikkert øydelagt varer for millionar av kroner, seier Mortensbakke.

Mellom anna forsvann NRK si plattform med vinden, og skiveanlegget fauk av garde.

– Alle er no evakuerte frå hovudarenaen, seier Mortensbakke.

Han har førebels ingen planar om å vende nasen heimover, sjølv om mange allereie har pakka og drege.

– Nei, vi får sjå det an. Det er jo ei oppleving dette også, seier Mortensbakke.

(Artikkelen held fram under biletet)

Surra fast

REDDE DET SOM KAN: Ein hjullastar vart brukt som 'lodd' for å halde telta på plass.

Foto: Stein Mortensbakke / NRK

Ventar enorme nedbørsmengder

Han er jublande glad over at Førde i dag fekk tildelt Landsskyttarstemnet for 2017, i ein knallhard dragkamp mot Voss. Men midt i gleda, føler han med arrangøren på Oppdal, som no sit i krisemøte for å finne ut kva som skal skje vidare.

– Dei har fått til eit kjempestemne, og så øydelegg vêret for tre år med planlegging. Det er trist for dei, seier Mortensbakke.

Vinden har roa seg, men det er nye utfordringar på veg mot skyttarane i campen.

– Det er venta enorme nedbørsmengder, og etter det skal det komme ein ny runde med kraftig vind. Så vi får berre sjå kva som skjer, seier Mortensbakke.

Sognedelegasjonen er trygge

Skyttarane frå Sogn er plasserte ved ein skule, sju kilometer frå sentrum. Her har det vore noko meir le, og det er ikkje meldt om skadar på vognene der.

– Vi har vore heldige, samanlikna med dei som ligg på den andre staden. Der er det skikkeleg gale, seier Jørn Njøs frå Leikanger skyttarlag.

Han fortel om fleire skadde i oppstyret.

– Det er meldt om tre skadde, så vidt som eg har høyrt. Men det skal ikkje vere alvorleg. Men det er klart det er skummelt når ting fyk gjennom lufta, seier Njøs.

Området er sperra av, og ingen får lov til å komme inn der.

– Skyttartinget vart oppløyst då det rasa som verst, men dei har no samla seg att, seier Njøs.

Heimevernet er i full gang med å hjelpe til med opprydding av skytearenaer, fellesareal og campingplassar.