Hopp til innhold

Rekonstruksjonen stadfestar at den svenske turistbussen var for nær midten av vegen

Mellom klokka 18 og 20 onsdag vart bussulukka i Fardal i Sogndal rekonstruert. Denne rekonstruksjonen stadfestar at den svenske turistbussen ikkje heldt sida si godt nok.

Rekonstruksjon bussulukke

Her rekonstruerar dei bussulukka der to omkom og to blei kritisk skada.

Foto: Christian Blom

To kvinner, ei norsk og ei taiwansk, omkom då ein norsk rutebuss og ein svensk turistbuss kolliderte på riksveg 55 i Fardal måndag ettermiddag. Sjåføren av den svenske bussen er no sikta for aktlaus køyring.

– Fått stadfesta opplysingane

Lensmann Åge Løseth i Sogndal seier dei er godt nøgde med utfallet av rekonstruksjonen.

– Føremålet var å få avkrefta eller stadfesta opplysingane vi hadde frå før og eventuelt skaffe oss tilleggsinformasjon. I vårt tilfelle fekk vi i dag i det alt vesentlege stadfesta informasjonen vi hadde frå før.

– Vil det seie at den svenske bussen var inne mot midten av vegen og den norske bussen ute på vegkanten idet kollisjonen skjedde?

– Ja, det er ein av konklusjonane vi trekkjer av det som skjedde i dag.

(Artikkelen held fram under videoen).

Created by InfoDispatcher

REKONSTRUKSJON: Politiet og Vegvesenet gjorde onsdag kveld ei rekonstruksjon av ulykka. Foto/redigering: Christian Blom

Vegen var brei nok

Rekonstruksjonen skjedde ved at det var sjåførar og politifolk i bussane, og bussane vart køyrde etter instruks frå sjåføren på den norske ulukkesbussen. Den svenske sjåføren har reist heim og var ikkje med på rekonstruksjonen.

Det heile vart filma og fotografert. Deretter vart bussane plasserte på ulukkesstaden ut frå dei spora som var sikra etter ulukka måndag.

Løseth seier dei og fekk stadfesta at vegen på ulukkesstaden er brei nok til at to bussar kan passere om begge held sida si. Vegbreidda er 6,30 meter, medan to bussar til saman er 5,10 meter breie (speglane kjem i tillegg).

(Artikkelen held fram under biletet).

Rekonstruksjon bussulukke

GANSKE KLART BILETE: Lensmann Åge Løseth (i skjorte ved bussen) meikner dei no veit mykje om korleis ulukka skjedde. Til høgre står Torgeir Bang frå ulykkesgruppa til Statens vegvesen. I oransje vest står leiar for ulykkesanalysegruppa i region Vest, Hans Olav Hellesøe.

Foto: Christian Blom

– Ganske klart bilete

Løseth vil ikkje seie noko om kva dei veit om farten til dei to bussane.

– Det vil eg ikkje uttale meg konkret om no, for dette er noko ulukkesgruppa til Vegvesenet tek hand om og jobbar med akkurat no. Det får vi kome tilbake til.

Politiet har og gjort fleire avhøyr, mellom anna av nokre av dei taiwanske turistane i den svenske bussen, men Løseth vil ikkje seie noko no om kva som har kome ut av desse avhøyra.

– Men ut frå avhøyra og den rekonstruksjonen vi har hatt i kveld er vi i ferd med å få eit ganske klart bilete over kva som skjedde då ulukka inntraff.

Rekonstruksjon bussulukke

SETT OVANFRÅ: Bussane slik politiet tenkjer seg at ulukkesbussane var tidelar før samanstøyten.

Foto: Øyvind Nondal

Speglane kan ha teke liv

Til sognavis.no seier havariinspektør Tor Østberg at speglane på dei to bussane kan ha teke liv. Rekonstruksjonen kan tyde på at dei kraftige sidespeglane har trengt inn i kvar sin buss rett over hovudet på sjåførane og treft passasjerane som sat bak sjåførane, men høgare oppe.

Det var der dei to omkomne sat. Tilstanden til ei av kvinnene som ligg på Haukeland Universitetssjukehus er framleis kritisk, medan tilstanden til den andre er nedgradert til alvorleg.

Rekonstruksjon bussulukke

PÅ PLASS: Medlemmene i Havarikommisjonen for transport var med på rekonstruksjonen.

Foto: Christian Blom