Hopp til innhold

Vil bli kvitt rottegifta

Politikarane i Stavanger vil ha slutt på bruken av rottegift.
No vil dei ta i bruk høgteknologiske verkemiddel for å bli kvitt skadedyra.

Rotte

Rottene skal vekk - men ikkje ved bruk av rottegift.

Foto: Colourbox

– Eg har primært vore veldig klar for å bli kvitt gifta, fordi i enkelte land i Europa så er det ikkje ugler igjen, dei har blitt utrydda, seier Leif Arne Moi Nilsen i FrP.

Leif Arne Moi Nilsen

Leif Arne Moi Nilsen i FrP vil ha slutt på bruk av rottegift.

Foto: Kjersti Hetland

Stavanger kommune brukar i dag store mengder med rottegift for å få bukt med rotteproblemet, men Moi Nilsen vil ha ein slutt på det. Noko Miljøpartiet dei grøne er einige i.

– Det er ganske mange tonn gift, og ein god del av det blir lagt i standsoner, i steinrøyser, og så vidare. Og då kan me tenkje oss gnagarane som et gifta gjerne tekne av måker eller rovfuglar. Det kan vera ein del av grunnen til ein god del fuglearter er i ferd med å forsvinne, seier Torfinn Ingeborgrud i Miljøpartiet Dei Grøne.

Vedtok giftfri rottebekjemping

På møtet i Kommunalstyret for miljø og utbygging i går gjekk politikarane inn for ein ny handlingsplan for å bli kvitt rottene.

Torfinn Ingeborgrud

Rottegift kan vera ein del av grunnen til at ein god del fuglearter er i ferd med å forsvinne, seier Torfinn Ingeborgrud i Miljøpartiet Dei Grøne.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

I vedtaket fekk dei presisert at kommunen skal jobbe for å gå vekk frå bruken av gift, og heller ta i bruk høgteknologiske feller. Noko både Moi Nilsen og Ingeborgrud meiner administrasjonen har vore for treige med å få i gong.

– Me har teke dette opp med administrasjonen fleire gonger sidan i fjor. Det er fleire parti som har stått saman om dette, og me føler at me ikkje har fått god nok respons. Det var difor det var naudsynt å gi beskjed no om at planen må gjerast betre, seier Ingeborgrud.

– Politikarane har større ambisjonar

– Me konstaterer at våre folkevalde har hatt større ambisjonar knytt til giftfri rottebekjemping enn det me har hatt i administrasjonen, seier Leidulf Skjørestad, kommunaldirektør i Stavanger.

Dei vil no sjå på korleis kommunen kan gå over til å bruke giftfrie feller.

Men feller er dyrare enn rottegift. Og om det blir endeleg vedteke, kan det bety 37 kroner meir å betale for innbyggjarane.

– Med den lukta som kjem i huset, og dei store skadane som kan bli gjort på det elektriske anlegget, så er nok folk berre glade for å betale nokre få kroner ekstra i månaden for at kommunen skal ta seg av rottebekjempinga, seier Moi Nilsen.