Hopp til innhold

Tilstanden til kvinna er framleis kritisk

Ei kvinne i slutten av 60-åra blei kritisk skadd i ein brann i ei ni etasjar høg bustadblokk på Tasta i Stavanger i går kveld.

Ei kvinne vart kritisk skadd i ein brann på Tasta i Stavanger.

– Brannen starta i fjerde etasje, og det var kvinna som budde i leilegheita som vart skadd. Det var berre ho som budde i leilegheita, fortel operasjonsleiar Kjetil Føyen.

Ho vart frakta til sjukehuset i luftambulanse i går kveld.

Stavanger universitetssjukehus opplyste litt over klokka ni i dag at kvinna fekk kritiske skadar i brannen og at tilstanden framleis er ustabil.

Brann på Tasta

Luftambulansen rykka også ut til staden måndag kveld.

Foto: Birk Florian Fischer Magnussen

Fleire vart evakuerte

Bustadblokka er ni etasjar høg og om lag 70 personar bur i blokka.

– Alle bebuarane som var i blokka vart evakuerte, men dei fleste fekk flytte inn igjen i natt, seier Føyen.

Leilegheita i fjerde etasje, der brannen starta, er totalskadd. I tillegg er to leilegheiter i femte og sjette etasje ubebuelege etter brannen. To personar har sove på hotell, fortel Føyen.

Årsaka er ukjend

Politiet fekk melding om brannen klokka 22.17, litt over 20 minutt seinare melde brannvesenet at brannen var sløkt.

Årsaka til brannen er førebels ikkje kjend.

– Politiet sperra i natt av leilegheita. Krimteknikarar skal i dag gå inn og gjera undersøkingar, fortel Føyen.

Brann på Tasta1

Store mannskap frå brannvesen, politi og ambulanse var på staden i går kveld.

Foto: Birk Florian Fischer Magnussen