Hopp til innhold

Taket på Haraldshallen kollapsa

Deler av taket på Haraldshallen i Haugesund har falt ned. Utøvarar frå Haugesund Svømmeklubb var akkurat ferdig med treningsøkta då taket kollapsa.

Taket har rasa ned inne i Haraldshallen i Haugesund

Video: Thomas Halleland

Det var Haugesunds Avis som først omtalte det som skjedde i 11-tida, søndag føremiddag.

Det var deler av taket, relativt lette delar, som hadde falt ned i etterkant av treninga. Det fortel leiar i Haugesund Svømmeklubb Knut Mathias Vestbø.

Knut Mathias Vestbø, leiar i Haugesund Svømmeklubb

Knut Mathias Vestbø, leiar i Haugesund Svømmeklubb

Foto: Privat

– Og det skjedde ikkje lenge etter at treninga var ferdig?

– Nei. Det var berre snakk om minutt etterpå.

Symjarane kunne blitt skada

– Slik eg har forstått det av trenarane så hadde det ikkje vore livstruande om taket hadde falle ned då det var folk i bassenget, men det kunne blitt skader, seier Vestbø. Og han legg til:
– Det hadde i alle fall vore ei skummel oppleving.

Taket innendørs i Haraldshallen kollapsa søndag føremiddag

Taket innandørs ligg delvis nede på botnen av bassenget.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Ei veke sidan stort symjestemne

Sist helg gjekk eit stort symjestemne av stabelen på same tid., og Knut Mathias Vestbø er glad for at dette ikkje skjedde då.

– Eg kan ikkje sei i kor stor grad folk på tribunen kunne blitt skada av det, men det hadde vore svært uheldig, seier Vestbø.

– Men akkurat nå gleder me oss mest over at ingen har blitt skada, og så får me ta det andre etter kvart.

Taket har falt ned inne i Haraldshallen i Haugesund

Taket har falt ned inne i Haraldshallen i Haugesund.

Foto: Kjell Bua

Saka blir oppdatert.

Flere nyheter fra Rogaland