Hopp til innhold

SV inviterer til miljøallianse i Stavanger

SV vil ha med partia KrF, Sp, Venstre og Dei Grøne i eit miljøsamarbeid i Stavanger. Desse partia skal plikte seg til å støtte klimaet og miljøet si sak i bystyret, foreslår SV.

SV i Stavanger inviterer til ein miljøallianse

Førstekandidat i Stavanger SV, Eirik Faret Sakariassen, kjem med eit utspel for å styrke partiet sin miljøprofil. Her flankert av andrekandidat Heidi Helgadottir Leite og partileiar Audun Lysbakken.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Dersom desse partia seier ja og står saman etter valet, så kjem ingen av dei store partia utanom å ta miljøomsyn i neste periode.

Invitasjon til miljøallianse i Stavanger

SV har sendt invitasjon til å vera med i ein miljøallianse, Venstre, KrF, Sp og Dei Grøne.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Det seier førstekandidat for SV i Stavanger, Eirik Faret Sakariassen.

Han tenkjer då spesielt på politiske avgjerder som har med klimautslepp og transport å gjera.

Dei Grøne er med

– Dette er me positive til og me seier ja til invitasjonen, seier Torfinn Ingeborgrud, som nå er gruppeleiar for partiet Dei Grøne i Stavanger bystyre.

Dei Grøne støttar ein miljøallianse i Stavanger

Partiet Dei Grøne støttar ein miljøallianse i Stavanger. Det seier Torfinn Ingeborgrud, leiar i bystyregruppa.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Han fryktar ikkje at SV får ekstra gratispoeng, gjennom at Dei Grøne seier ja til å bli med i miljøalliansen. Derimot stiller han seg tvilande til om dei andre partia kjem til å velja eit miljøsamarbeid framfor å få vera med i eit fleirtal, som skal styre byen.

– Men partiet Dei Grøne kjem til å jobbe for miljøsakene uansett kva dei andre inviterte partia landar på, seier Ingeborgrud.