Hopp til innhold

Starta bensinstasjon i protest – nå utvidar han

Då Joar Skorpe (35) etablerte ein protest-bensinstasjon i Stavanger, gjekk prisane på diesel og bensin i området ned. Nå skjer det same på Haugalandet, og om tre til fire år satsar han på å pressa prisane ned over heile landet.

Då Joar Skorpe (35) etablerte ein protest-bensinstasjon i Stavanger, gjekk prisane på diesel og bensin i området ned. Nå skjer det same på Karmøy, og om tre til fire år satsar han på å pressa prisane ned over heile landet.

SJÅ TV-INNSLAG: Dagen før Joar Skorpe opnar ny bensinstasjon på Karmøy.

Joar Skorpe (35) frå Nedstrand meiner at privatpersonar betalar kunstig mykje for drivstoff. Derfor har han starta opp sin eigen lågpris-stasjon, som han kallar «Tanken». Først i Stavanger, og nå med to nye stasjonar, ein på Karmøy og ein i Tysvær.

– Hos dei store kjedene må privatbilistane betala meir enn nødvendig for drivstoffet slik at stasjonane kan gi rabatt til storkundar og for at aksjonærane skal få utbytte, seier han.

Ny bensinstasjon på Karmøy

Slik ser den nye stasjonen på Karmøy ut.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Einaste aksjonæren er han sjølv

Med låge administrasjonskostnader og seg sjølv som einaste aksjonær kunne han derfor legga seg godt under "vekedag-prisane" til dei etablerte stasjonane. Det er førebels uvisst korleis dette vil slå ut på Haugalandet, men i Stavanger svarte nabostasjonane svarte med å legga seg 20 øre under han igjen.

– Det gjorde dei over lang tid for å skvisa meg ut, men nå har det byrja å normalisera seg, forklarer han.

Skal ein tru eigaren av XY-stasjonen på Karmøy, Gunnar Sivertsen, så blir det priskrig på Karmøy også.

– Me legg oss akkurat der som Joar legg seg. Slik er det. Han kan legga seg kor han vil så følgjer me etter, seier Sivertsen.

Har interesserte over heile landet

Skal ein tru gründeren kan det dukka opp like stasjonar over heile landet nokre år fram i tid.

– Eg har nett vore på bransjetreff for bensinstasjon-eigarar og det er mange som er interesserte i konseptet mitt. Frå nord til sør i landet, seier Skorpe.

Dette er eigarar som framleis har kontraktar med dei etablerte kjedene.

– Det tek framleis nokre år før dei kan lausriva seg frå kjedene, men om ein tre til fire år trur eg at Tanken blir ein bensinstasjon som du kan finna over heile landet, seier han.

Flere nyheter fra Rogaland