Hopp til innhold

Han vil ikkje lenger jobba offshore

Håkon Karolinussen meiner at økonomiske kutt i offshoreindustrien går på tryggleiken laus. – Eg har ein familie som er redd for meg, så nå sluttar eg, seier han.

Håkon Karoliussen og dottera

VIL VERA DER FOR DOTTERA: Håkon Karolinussen ønsker ikkje å setja livet sitt på spel for å koma seg til og frå jobb. Hovudårsaka er den sju år gamle dottera Lilja Bjordal Karoliussen.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Den tragiske ulukka ved Turøy på fredag var dropen som fekk begeret til å flyta over for Håkon Karolinussen frå Karmøy. Etter sju år som offshore-arbeidar sluttar han nå.

– Det kunne like gjerne vore meg. Eg veit ikkje kor mange gonger eg har flydd den ruta der, seier Karolinussen, som totalt har 132 helikopterturar bak seg til fleire ulike installasjonar i Nordsjøen.

Kritisk til innsparingar

Deter med tanke på seg sjølv og familien han tek avgjersla.

– Med ein gong eg høyrde om ulukka så tenkte eg at det kanskje var hintet som eg venta på. Det blir så nært når du kjenner att bileta av dei som har døydd. Det er folk du har sitte i kaffisjappa med, seier Karolinussen.

På lik linje med Leif Sande i Industri Energi meiner han at økonomisk innsparing går på offshore-tryggleiken laus. Han er mellom anna svært kritisk til at det blir føreslått å halvera kviletida til helikoptera i ei ny kontrakt mellom Statoil og Bristow.

– Dersom det nå skal brukast ein halv time på ein noko som dei tidlegare brukte ein time på, så seier det seg sjølv at tryggleiken blir dårlegare, seier han.

Statoil understrekar at dette ikkje er endeleg avgjort.

– Helikopterselskapa har sagt at det kan gå, viss det er hensiktsmessig å gjera det. For oss er det ein føresetnad at tryggleiken er teken vare på. Først skal ei tragisk hending bli granska, så får me sjå om det blir ei endring, seier pressekontakt Morten Eek til NRK.

Sjå TV-sak om Håkon Karoliussen

Helikopterulykken på fredag, som krevde 13 menneskeliv, har gjort dypt inntrykk på ansatte i oljebransjen. Håkon Karoliussen fra Karmøy har jobba offshore i åtte år, men nå vil han ikke mer. Og det er mange oljearbeidere som nå er meir engstelige for å fly med helikopter:

Karoliussen seier at han heller vil tena mindre og vera trygg, enn å tena mykje å vera utrygg.