Hopp til innhold

Sette fyr på skrot i staden for å rydda opp

Fleire brannbilar måtte i dag rykka ut til fylkesgrensa mellom Rogaland og Vest-Agder på grunn av brann i farleg avfall. Ein mann har innrømma at det var han som tende på.

Søppel-brann

WEB-CAM: Vegvesenet har eit kamera som fangar opp søppelhaugen langs fylkesveg 42 på fylkesgrensa mellom Rogaland og Vest-Agder. Her kan du sjå korleis det ser ut før og etter brannen.

Foto: Vegvesenet

I halv tre tida i dag fekk politiet melding om brann langs fylkesveg 42 på Mydland i Eigersund kommune. Det var store mengder skrot langs vegen, som stod i full fyr og gav frå seg giftig røyk.

– Det var masse ulikt skrap som brann. Kjøleskap, treverk, felgar og mykje meir, fortel innsatsleiar i politiet, Jan-Åge Birkeland til NRK.no.

Røyken låg tjukk, men det gjekk greitt for brannvesenet å sløkka brannen.

Brann på fylkesgrensa

LANGS VEGEN: Det er heilt tett opp til fylkesveg 42 det brann.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Brannen var påsett

– Det brann i to forskjellige skraphaugar, så eg forstod fort at brannen var påsett, fortel fagsjef for brann i Eigersund kommune, Per Steinar Berentsen.

Dette er ein stad kommunen lenge har hatt problem med forsøpling langs vegen. Tidlegare låg det ein skraphandlar her, og bilete frå Google-street view of Vegvesenet sitt webkamera dokumenterer at det har vore forsøpla her i fleire år.

Kommunen hadde sendt ut pålegg til ein mann i slutten av 60-åra om å rydda søppelet opp. Det er denne mannen som nå har innrømma at han sette fyr på skrotet.

– Han tenkte at han berre kunne setja fyr på det i staden for å rydda opp, men det er ikkje slik det fungerer, seier Berentsen.

Skrotbrann

SKROTBRANN: Fagsjef for brann i Eigersund seier at dei både måtte bruka vatn og skum for å få bukt med brannen i skrotet.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Opprettar sak

Han understrekar at det einaste ein har lov til å setja fyr på i Norge er rein ved, utan å søka om det.

– Dette var alt anna enn rein ved, seier Berentsen.

Nå har politiet gitt mannen pålegg om å rydda opp på branntomta snarast mogleg. Han kan også venta seg fleire følgjer.

– Han er mistenkt for ulovleg brenning av avfall, me har oppretta sak og vil etterforska saka vidare, seier Birkeland i politiet.

Mydland