Hopp til innhold

Rogalands Avis må permittera tilsette

Rogalands Avis slit økonomisk og må permittera 7,5 årsverk.

rogalands avis

Leiinga i Rogalands Avis varslar permitteringar.

Foto: Bjørn Grimen / NRK

Dei tilsette i RA blei varsla om permitteringane i dag.

Avisa har i dag 42,5 årsverk, og må ned i 35. Reduksjonane blir i hovudsak gjort ved permitteringar, skriv RA på nett.

RA har hatt inntektssvikt over lengre tid. Også etter ferien har utviklinga vore negativ. Sparetiltaka har så langt ikkje vore nok, og nå må avisa tilpassa talet på tilsette etter drifta.

– I løpet av tysdag kjem me til å ha samtalar med tilsette som blir ramma av permitteringane, skriv dei to toppleiarane Bjørn G. Sæbø og Raymond Lind i ein e-post til alle tilsette.

Nyheita blir tatt tungt imot blant dei tilsette i RA.

– Dette var ein brutal beskjed å få, og redaksjonen tar dette sjølvsagt svært tungt, seier leiar i redaksjonsklubben Geir Søndeland til avisa sine eigne nettsider.