Hopp til innhold

Rekordmange bedrifter skrudde av lyset

I heile landet hadde 437 bedrifter plikta seg til å skru av lyset i timen mellom 20.30 og 21.30, laurdag kveld. 172 land deltok i Earth Hour-kampanjen.

Haugesund under Earth Hour 28. mars 2015

Slik såg Haugesund sentrum ut under Earth Hour, laurdag kveld.

Foto: Tor André Johannesen / Haugnett.no

Earth Hour er ein verdsomspennande aksjon, som har som formål å få ned bruken av straum. Derfor oppfordrar dei bedrifter, institusjonar og privatpersonar til å skru av lyset i ein time.

I Oslo var det så mange som tok oppfordringa at det samsvarte slukking av seks millionar lyspærer. Dessverre er det ikkje råd å få tal frå andre regionar eller for heile landet, opplyser Statnett.

I Rogaland var fotballklubben Viking med på markeringa. Alle lys både i bygningen og på sjølve stadion blei skrudd av laurdag kveld.

Glisne tribuner på Viking stadion

Viking stadion var mørklagt laurdag kveld. (Arkivfoto frå dagtid)

Foto: Erik Waage / NRK

Bygg og landemerke

Earth Hour prøver også å få med eigarar og styresmakter til å skru av belysning av kjente bygningar og turistattraksjonar. Det førte til mørklegging av Slottet, Stortinget, Oslo Rådhus, Holmenkollen, Operaen og Oslo S i hovudstaden. I tillegg Fredriksten festning i Halden, Slottsfjelltårnet i Tønsberg, Viking stadion i Stavanger, Fløirestauranten og Gamlehaugen i Bergen, Nidarosdomen og Lerkendal i Trondheim og Domkirken i Tromsø.

Færre kommunar deltok

Dette året var det ny rekord i talet på bedrifter i Noreg som deltok. Heile 437 eigarar sørga for å skru av lyset i bygningane sine i timen mellom 20.30 og 21.30 på laurdagskvelden.

Når det gjeld talet på kommunar som deltok, og som for eksempel skrudde av lyset på rådhuset, så var det tilbakegang frå i fjor. Færre enn halvparten av kommunane hadde meldt seg på.

Mørklegging over heile kloden

Den store rekorden kom internasjonalt, der 172 land og område, fleire enn 1.200 landemerke og nærare 40 stader på UNESCO si verdsarvliste deltok under Earth Hour.