Hopp til innhold

Pelsbønder satsar nye millionar

Etter at det nasjonale pelsdyrutvalet tilrår at næringa får lov til å fortsette, investerer oppdrettarane i Rogaland åtte millionar kroner i nytt felles fòringsanlegg.

Erik Eidsvig er dagleg leiar i Rogaland Pelsdyrfòrlag

SATSAR: Dagleg leiar i Rogaland Pelsdyrfòrlag, Erik Eidsvig, fortel at pelsdyrnæringa i Rogaland har hatt ein fantastisk vekst.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Me har ikkje planar om å leggje ned, og skulle det skje likevel, så skjer det med flagget til topps, lovar Erik Eidsvig som er dagleg leiar i Rogaland Pelsdyrfòrlag.

Etter at det statlege pelsdyrutvalet nå har gått inn for at næringa skal få fortsetje, slår dei 80 oppdrettarane i fylket til med ei stor felles satsing.

– Me i styret har sagt ja til å investere åtte millionar kroner i fòringsanlegget i løpet av 2015, seier Eidsvig.

Fòringsanlegget i Sirevåg, som leverer fòret til alle oppdrettarane, blir kraftig oppgradert for millionane.

Nysgjerrig mink frå pelsfarm i Klepp

Nysgjerrig mink frå pelsfarm i Klepp.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Gir seg ikkje

I tillegg tilset dei ein veterinær, som også skal fungere som rådgjevar for å betre dyrehelsa på farmane.

– Me har hatt ein fantastisk vekst i Rogaland i pelsdyrnæringa. Det er klart at når det gjelder skolering av dei nye som har starta, så har me eit klart ansvar. Me har pressa på for å få ein ny stilling som skal ta seg av denne biten. Nå har me omsider lukkast og Norges Pelsdyravlslag har vedtatt at det skal etablerast ein rådgjevingsstilling i Rogaland, seier han.

Det er Celine Heimberg frå Oslo, som skal inn i stillinga som veterinær og rådgjevar for pelsbøndene. Dette er ein stilling for heile landet, men ho kjem til å vera stasjonert i Rogaland.

– Ein del av jobben blir å behandle sjuke dyr og dyr med sår, men det viktigaste blir å førebygge og hindre at det skjer, seier ho.

Kjell Hodne er pelsoppdrettar i Klepp

Kjell Hodne er pelsoppdrettar i Klepp. Han ser fram til at den nye veterinær-rådgjevaren kjem i arbeid.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Treng å lære heile tida

Veterinær Heimberg kjenner ansvaret for å betre ryktet til næringa og for å byggje opp betre kunnskap og forståing for kor viktig dyrehelsa er, hos alle oppdrettarane.

– Men ansvar det er noko me veterinærar er godt kjent med frå før, gjennom arbeidet me gjer for å gjera husdyr friske, seier ho.

– At me nå får ein veterinær som rådgjevar, er midt i blinken, seier oppdrettar Kjell Hodne i Klepp. Han slår fast at alle kan læra noko nytt og minner om sitt eige motto:

– Den dagen du er ferdig utlært, så er du ferdig!

Flere nyheter fra Rogaland