– Firefelts motorveg mellom Stavanger og Kristiansand har vore ein kampsak for oss lenge, og dette skal ikkje forseinka noko som helst, seier statsråden.
- LES OGSÅ:
I dag kom meldinga om at Solvik-Olsen har bedt Statens vegvesen om å vurdera ein ny trasé over Høg-Jæren for ny E39 mellom dei to byane.
Men Hå-ordførar Mons Skrettingland (H) fryktar at heile prosjektet blir utsett.
– Eg håpar inderleg ikkje at dette utset prosessen. Det som dette brevet kan resultera i – og som er mi uro – er nye utgreiingar og nye utsettingar, seier Skrettingland
Vil ha ei løysing for framtida
Statens vegvesen sitt forslag er å nokolunde følgja dagens trasé, medan den nye traséen går lenger ut mot kysten via Egersund. Sidan vegen blir ei hovudfartsåre i generasjonar, meiner Solvik-Olsen at ingen forslag skal kastast vekk utan å bli vurdert.
– Eg vil forsikra meg om at vegen skal vera framtidsretta. Difor har me allereie sagt at vegen skal planleggjast som firefeltsveg, og når det kjem eit planforslag om ein annan trasé, som kanskje samlar fleire folk, så meiner eg at me må sjå grundig på den før me eventuelt droppar den.
- LES OGSÅ:
– Det må ikkje vera ein hastverksjobb. Difor har eg sagt at den utgreiinga skal gjerast utan å forseinka framdrifta i prosjektet. Dei som er skeptiske kan ta alt med ro: dette handlar om å finna den beste løysinga, ikkje å forseinka noko som helst.
– Slepp trafikktrøbbel under arbeidet
Han peikar på fleire ting som kan verka positivt for det nye forslaget kontra det som allereie ligg på bordet.
– Det er lurt at ein hovudveg går i nærleiken av der folk bur, for då er det fleire som ønskjer å bruka den. Men det er ikkje lurt at den går gjennom tettstadane, for då blir det mange farlege trafikksituasjonar og miljøforureining. Denne traséen går nærmare der folk bur på Jæren, og me kan kanskje avlasta ein del av trafikken som i dag står i kø på fylkesveg 44, seier han.
– I tillegg er fordelen at om me byggjer ein heilt ny trasé, så treng ein ikkje ta omsyn til dagens trafikk på dagens E39. Då går det kanskje raskare og billegare å bygga vegen, avsluttar han.