Politiet fekk like før klokka 16 melding om at ein 34 år gammal mann hadde falle på sjøen ved Hagland festning nord for Haugesund. Naudetatane blei sende ut, og Hovudredningssentralen kopla inn.
– Me har eit redningshelikopter ute og redningsskøyta er også involvert i søket. Me har kopla inn leitemannskap som skal leita i strandsona, sa redningsleiar ved Hovudredningssentralen Sør-Norge, Eirik Walle til NRK.no like etter 16.00.
Ein halv time seinare fann dei mannen, og fekk han om bord i helikopteret.
– Det er ein utanlandsk mann, han blir frakta til Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Det er venta at helikopteret er framme der klokka 17.00, seier Walle.
Mannen er kritisk skadd skriv Haukeland universitetssjukehus i ei pressemelding klokka 20.00.
Det er heller ikkje kjent korleis mannen hamna på sjøen, men han skal ha vore saman med ein annan då uhellet skjedde.