Hopp til innhold

Finn tona med Kina gjennom musikken

Elevar ved Stavanger katedralskule fekk ein unik moglegheit til å spele med kinesiske musikarar, i eit sjeldan norsk-kinesisk samarbeid.

Elevar ved Stavanger katedralskule fekk ein unik moglegheit til å spele med kinesiske musikarar, i eit sjeldant norsk-kinesisk samarbeid.

«The Girls Crystal band» tok med kinesisk folkemusikk til Norge og vil gjerne ha besøk igjen. Foto: Arild Eskeland/NRK.

– Det er utruleg spanande å få inn så flinke musikarar, til å spele saman med oss, seier elev ved Stavanger katedralskule Snorre Skagseth.

«The Girls Crystal band» er ei kjend folkemusikk gruppe i Kina, og på sin verdsturne gjer dei berre ein konsert i Noreg. Den gjer dei i samarbeid Sino Nordic Management og elevar ved Musikkformidling på Stavanger katedralskule.

– Litt vanskeleg, men det funkar

Elevane har øvd sidan skulestart, men fekk berre øvd i seks timar saman med den kinesiske gruppa før konserten, språket gav ekstra utfordringar.

– Det var litt vanskeleg. Men det funkar, me ler litt av kvarandre, seier Åse Suwanna Johnsen.

– Me har tolk, og så bruker me mykje kroppsspråk, seier Skagseth.

Dei er einige om at dei har fått ein unik moglegheit.

– Eg føler meg veldig privilegert som får moglegheita til å jobbe saman med kinesiske musikarar. Det er veldig få som i Noreg som får denne sjansen, så det er veldig kult, seier Skagseth.

Likar norsk folkemusikk

Under konserten framførte elevane fleire norske folketonar, og damene i «The Girls Crystal band» var også godt nøgde med å få samarbeidet med Stavanger-elevane.

– Eg synst norsk folkemusikk er vakkert å høyre på. Og eg kunne gjerne tenkje meg fleire samarbeid, der me spelar norsk og kinesisk folkemusikk saman, seier eitt av medlemmene i bandet, sier Li Jing Ya.

Del av eit spel

– Det er veldig spanande fordi dette er ein heilt annan kultur. Det betyr mykje å få dette innblikket i ein kultur som framleis følast veldig annleis, seier Eddie Andresen, lærar ved Stavanger katedralskule.

Eddie Andresen

Eddie Andresen, lærar ved Stavanger katedralskule seier at Det betyr mykje å få dette innblikket i ein kultur som framleis følast veldig annleis.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Forholdet mellom Kina og Noreg har lenge vore kaldt. Korleis har det greidd å få til dette samarbeidet?

– Eg trur det er ein tanke bak dette. Dette er sjølvsagt ein del av eit viktig spel, seier Andresen. Lat oss ta til å snakke saman igjen, så kjem vi ganske snart på offisielt nivå, meiner Andresen.

Blant publikum sat også representantar frå den kinesiske ambassaden i Noreg.