Hopp til innhold

Politiet veit ikkje kva som skjedde før knivstikkinga i Sandnes

Laurdag kveld blei ein mann knivstukken på Bedriftshotellet i Sandnes. Verken fornærma eller den sikta har førebels vore friske nok til å bli avhøyrt.

Knivstikking i Sandnes

Her blir ein 31 år gamal mann tatt for knivstikkinga på Bedriftshotellet i Sandnes.

Foto: Ronny Hjertås

Laurdag klokka 17.35 fekk politiet melding om bråk på Bedriftshotellet i Sandnes sentrum. Ein mann (34) hadde blitt knivstukken.

Begge på sjukehus

34-åringen måtte fraktast til Stavanger universitetssjukehus med ambulanse, der han blei operert.

– Tilstanden hans var alvorleg, men operasjonen har gått bra, og i dag har han blitt flytta over til sengepost, fortel informasjonssjef ved Stavanger universitetssjukehus, Gotfred Tunge, sundag føremiddag.

Politiet tok ein 31 år gamal mann, som dei har sikta for ugjerninga. Også han var i ein tilstand som gjorde at han trong legehjelp.

– Både fornærma og den sikta er nå på sjukehuset, me har derfor ikkje fått gjort avhøyr av dei, fortel politiinspektør Kristin Nord-Varhaug ved Rogaland politidistrikt.

Veit ikkje kva som skjedde

Politiet jobbar likevel med saka, og seier at dei ser alvorleg på hendinga.

– Så snart dei er i stand til det vil me gjera avhøyr, dette er ei alvorleg sak, seier Nord-Varhaug.

– Veit de kva som skjedde i forkant av knivstikkinga?

– På grunn av at me ikkje har fått gjort avhøyr av dei to veit me førebels ingenting om dette.

Politiet reknar med at dei skal få snakka med fornærma i løpet av dagen.