Hopp til innhold

Her droppar berre to prosent ut

Rogaland er av dei beste i klassen på å gje praktisk opplæring til ungdom som vil droppa ut frå skulen. Meir praksis og mindre teori er formelen.

Rogaland er av dei beste i klassen på å gje praktisk opplæring til ungdom som droppar ut frå skulen. Meir praksis og mindre teori er formelen.

►SJÅ VIDEO: Glade for mindre teori og meir praksis.

Erna Solberg

Erna Solberg lét seg imponera av dei unge snikkarane i Rogaland.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eigentleg burde det vore ein regulær moglegheit at alle elevar heilt frå dag ein kunne gå ut i praksis, for å få mindre teoribelastning, sa Høgre-leiar Erna Solberg då ho var på vitjing i Rogaland for å treffa elevar som har slite på skulen, men som nå hamrar og spikrar for å få fagbrev.

Utvida praksis

For at skulegangen deira ikkje skal bli for tung er dei med i eit tilbod, som blir kalla utvida praksis. Dette er for elevar ved vidaregåande skular som har yrkesfag.

Solberg meiner det er viktig med denne type program, som bidreg til å få fleire gjennom yrkesutdanninga.

– Me treng at ungdom får seg ein kvalifikasjon og kan klara seg i arbeidslivet, men me vil også trenga mange med yrkesfag framover, seier ho.

Ein av tre som byrjar på vidaregåande her i landet droppar ut. Men dei aller fleste som får tilrettelagt opplæring fullførar.

– Hadde neppe klart å få meg fagbrev

Sean Søiland

Sean Søiland liker seg best utandørs.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Her får me vera ute og snikra i staden for å vera inne og ha matte og norsk, det er mykje kjekkare, seier Sean Søiland, som er elev ved Godalen skule.

Spesialtilbodet han er ein del av hadde i fjor hundre skuletrøytte elevar, berre to av desse fullførte ikkje. Totalt er det om lag 350 elevar som i dag får tilrettelagt opplæring i Rogaland, med utvida praksis, som alternativ til vanleg vidaregåande.

Partifellen til Erna Solberg og fylkesordførar i Rogaland, Janne Johnsen, er stolt over å visa fram opplegget.

– Dette er elevar som kanskje ikkje hadde vore på skulen i det heile tatt, dei kunne endåtil vore på statistikkar me ikkje ville hatt dei på. Nå heng dei i veggen her frå tidleg på morgonen til sein ettermiddag. Dette syner at alle har kvalitetar dei kan få nytta om dei berre får ei litt anna tilrettelegging, seier Johnsen.

Jon Atle Solgård er sikker på at den utvida praksisen har vore redninga for han.

– Utan den ville eg neppe klart å få meg eit fagbrev, seier han.