Hopp til innhold

Sjekk hjartesaken din i NRKs valgomat

NRK-journalistane Kjersti Hetland og Marianne Terjesen har snakka med ordførarkandidatar i heile Rogaland – for at du skal få ein peikepinn på kva du skal stemme.

Marianne Terjesen og Kjersti Hetland

Marianne Terjesen (t.v.) og Kjersti Hetland har samla inn meiningane som valgomaten byggjer på i Rogaland. Mellom anna har dei spurt alle ordførarkandidatane i 26 kommunar om kva dei meiner om dei ulike påstandane i valgomaten.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

Vallogo

– Me har spurt politikarane om kva dei trur blir dei store sakene i deira kommunar, og korleis deira parti stiller seg til sakene, fortel Kjersti Hetland, journalist i NRK Rogaland.

Valgomat

På den første sida i valgomaten vel du fylke. Så må du skrive inn kva for ein kommune du vil ha spørsmål frå.

Foto: NRK

Samen med kollega Marianne Terjesen har ho gjort undersøkingane som trengst for at du skal få svar når du spør valgomaten til NRK om kva du skal stemma i årets kommune- og fylkestingsval.

Valgomaten er sett saman av fleire påstandar, som til sist skal gje deg som veljar svar på kva for parti som passar deg best. Eller, det vil si, kva for parti som meiner det same som deg i akkurat din kommune.

Butikken på Utsira bør halde fram med å vera sundagsopen.

NRKs Valgomat 2015

Lokale og nasjonale påstandar

I starten vel du kommune, og så skal du ta stilling til ein rekke påstandar. Nokre er spesielt tilpassa din kommune, medan andre gjeld for heile landet. Du kan velje blant fem svaralternativ: Frå «heilt einig» til «helt ueinig» på kvar påstand. Til sist kan du velje ut nokre tema som er særskilt viktige for deg, og kva for ein politikar du ønskjer deg som ordførar i din kommune.

Sandnes kommune har ikke råd til å styrke biblioteket nå.

NRKs Valgomat 2015

Bak spørjeskjemaet, som har både nasjonalt og lokalt vinkla påstandar, ligg mange timars arbeid i alle landets fylke. Hetland og Terjesen har snakka med svært mange av ordførarkandidatane i kvar og ein av dei 26 kommunane i Rogaland.

Ut frå samtalane har dei vald ut dei lokale påstandane. Deretter har dei spurt alle ordførarkandidatane korleis dei stiller seg til påstandane. Politikarane har ikkje fått svare «ingen meining», slik veljarane kan. Til saman blir dette grunnlaget for det du får fram på den siste sida i Valgomaten.

Har leita etter hjartesakene

Dette arbeidet er naudsynt for at du som tar NRK sin Valgomat skal ende med eit parti når du er ferdig. Å legge vekt på dei riktige spørsmåla kan vera vanskeleg, spesielt i lokalpolitikk, forklarer Hetland.

Kommunen bør gje unge i Tysvær tilbod om å leige husvære som dei kan kjøpa etter kvart.

NRKs Valgomat 2015

– Me har prøvd å finne fram til hjartesaker frå flest mogleg parti, og til kva som skil partia frå kvarandre. I lokalpolitikk skjer det jo ar to eller fleire parti einige om ein eller fleire saker, seier Hetland.

– Kjem du til å stemme på det Valgomaten seier du skal stemme på?

– Eg tok den, og det passa bra med det eg hadde tenkt å stemme. Men kva som kjem fram i valkampen, betyr også noko, seier ho.