Hopp til innhold

Håper dei kan bidra til meir rekruttering

Lokale skiskyttarlag i Rogaland håper at det stjernespekka rulleskishowet, Blink i Sandnes, fører til meir rekruttering.

Emil Hegle Svendsen

Emil Hegle Svendsen og Martin Fourcade i duell under treningsleir i Sirdal. Begge deltek under Blink i Sandnes denne helga.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

– Dette har mykje å sei for rekrutteringa til ski- og skiskyttarlaga i Rogaland. Det er eg heilt sikker på, seier Arild Rostrup, som er leiar i Sandnes skiskyttarlag.

Sjølv om Sandnes ikkje kan skryta av mykje snø, representerer han ein av fem rogalandsklubbar som driv med skiskyting. Rulleski er viktig for klubben, og årets høgdepunkt er Blinkfestivalen.

– Ei kraftig avskaling

Her kjem dei beste av dei beste og syner fram sine kunstar i Sandnes sentrum.

Rogaland har sjølv gode utøvarar på seniornivå, som Ann Kristin Flatland på Ålgård og Stian Gilje frå Sandnes. Og nye anlegg er på veg.

– Planane for klubben er å sikra ei jamn rekruttering. Samstundes som me skal styrka anlegget me har i Melsheia, og få eit komplett anlegg med skytebane og rulleskiløype.

Medlemstala i Sandnes er stabile, men i skiskyttarklubben litt lengre inn i landet, Gjesdal, opplever dei nedgang.

– Me har hatt ei kraftig avskaling. Me var over 20 aktive ungdommar, nå står me att med sju. Me ser at rogalandsklubbane får inn utøvarar, men det er plass til mange fleire, seier Morten Hage, som er sportsleg leiar i skiskyttargruppa i Gjesdal.

– Foreldre må stilla opp

Målet til dei lokale skiskyttarklubbane, som også bidreg med store mengder dugnad til Blink, er at dette populære arrangementet skal trekka nye talent til idretten.

Hage trur den dårlege rekrutteringa han opplever kan skuldast at det er mangel på foreldre som vil stilla opp.

– Det er både dugnad og køyring som må til, seier Hage.

Ein del av dugnadsarbeidet i samanheng med Blink har vore å setja opp ein bane med laserskyting. Her kan barn prøva seg med rulleski og lasergevær. Noko dei lokale klubbane håper kan føra til at nye talent byrjar med skiskyting i Rogaland.