NRK Meny
Normal

Då skiskytinga bloma i Rogaland

Sjå innslaget frå 1988 – då Gjesdal fekk eit av landets flottaste skiskyttaranlegg på Brekko i Gjesdal. Møt også det som den gong var det største talentet i regionen; Åse Idland (16).

Sjå innslaget frå 1988 - då Gjesdal fekk eit av landets flottaste skiskytaranlegg på Brekko i Gjesdal.

►ROGALAND RETRO: Innslaget gjekk i TV-Rogaland 14. desember 1988.

Det er i desse dagar Blink-festival i Sandnes der verdas ski- og skiskyttarelite møtest til kamp på rulleski i sentrum av Sandnes og inst i Lysefjorden.

Arrangementet er nå åtte år gamalt. Men tradisjonane for skiskyting i Rogaland går lengre tilbake.

I dagens Rogaland retro skal me tilbake til 1988, då Gjesdal fekk det som den gong var eitt av landets flottaste anlegg for skiskyting på Brekko. Eit anlegg som er i bruk den dag i dag.

Ei juniorstjerne

Som ein bonus legg me også med eit innslag laga i 1990. Dette er eit portrett av det som den gong var det fremste talentet i skiskyting i Rogaland. 16 år gamle Åse Idland frå Figgjo.

I dag er Idland 40 år og kan sjå tilbake på individuelt gull og gull i lagkonkurransen under junior-VM i Canada 1992, som eit høgdepunkt i karrieren.

I tillegg fekk ho sølv i lagkonkurranse under VM i Canada i 1994 og ho deltok i vinter-OL i 1992 i Albertville. Her fekk ho 27. plass på 15 km Idland blei ikkje tatt ut til OL i Lillehammer, som det blir snakka om i innslaget.

– Eg var med ei stund etter dette, og hadde eit par bra plasseringar i verdscupen. I tillegg var eg med og vann to stafettar. Etter dette flata det nok litt ut, seier Idland, som i dag er heimeverande, og stortrivst saman med barna. Ho er også snart ferdig med ei master grad på BI.

Sjå portrettet:

Sjå innslaget frå 1990 - då 16 år gamle Åse Idland frå Figgjo var stortalent i skiskyting.

►ROGALAND RETRO: Innslaget gjekk i TV-Rogaland 14. februar 1990.

Rulleski i Sandnes i 93

Som endå eit bonusklipp i denne langrenn-spesial utgåva av Rogaland retro legg me med eit innslag frå 1993.

Også då møttest eliten til skiskyttarkonkurranse på rulleski i Sandnes. Den gong skjedde det i Langgata.

Sjå innslaget:

Sjå innslaget frå 1993 - då det også var skiskyting om sommaren i Sandnes.

►ROGALAND RETRO: Innslaget gjekk i TV-Rogaland 18. august 1993.

Send inn tips

«Rogaland Retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK