Hopp til innhold

Kinesisk sensasjon skaut best i Sandnes: – Vi har berga helga med dette

Kinesiske Yin Wen har trena skyting i berre fem månader. Men i Sandnes var ho best av absolutt alle.

Yin Wen

SENSASJON: Yin Wen har trena skiskyting i bere fem månader, men gjekk likevel til topps i Sandnes

Foto: NRK

– Det var litt skremmande, sa Yin Wen etter sigeren i duellskytinga under Blink-festivalen fredag. – Eg kan ikkje tru det eg har opplevd.

– Ein skikkeleg sensasjon, sa NRK-kommentator Andreas Stabrun Smith.

Den kinesiske 27-åringen gjekk først til topps i kvinneklassen, og slo deretter Quintain Fillon Maillet i superfinalen. Franskmannen gjekk til topps i herreklassen.

Med berre eitt ekstraskot var Wen klart raskast. Franskmannen bomma med tre skot.

– Eg har berre trena skiskyting så lenge, sa ho til NRK og viser opp fem fingrar. – Berre fem månader.

Wen var tidlegare langrennsløpar og ønskte å prøve seg med skiskyting etter førre sesong.

– Det var skremmande, gjentok ho. – Fordi dei andre er så veldig gode utøvarar.

– Kjempesvært

Yin Wen er trena av norske Espen Løkholm. Han fortel at ho faktisk har prøvd skiskyting før. Ho var med i ei gruppe kinesarar som trena på Meråker for fem år sidan.

– Der var det også ein god trenarstab som har følgt henne. Men å lykkast på ein dag som dette, er helt fantastisk, seier Løkholm.

– Dette er kjempesvært, og ingen hadde drøymt om dette. Kinesarane har satsa pengar og organisert og styra på, og nettopp hatt OL på heimebane, sjølv om dei ikkje lykkast der. Men vi har berga helga med dette, sprudlar Løkholm.

Marte Olsbu Røiseland blei berre nummer 8, og er veldig imponert over den kinesiske jenta.

– At ho får til dette etter å ha trena i berre fem månader, er veldig imponerande. Vi må kanskje passe oss i vinter, sa Olsbø, som ikkje var det minste lei seg for å ha blitt slått av Wen.

– Det var skikkeleg gøy, sa Røiseland då ho gratulerte konkurrenten.

– Eg hadde ikkje sett pengar på henne før dette løpet, nei, seier Ingrid Landmark Tandrevold.

– Men det var veldig kult at ho kom og viste korleis det skal gjerast.

Overraska franskmann

Quentin Fillon Maillet, som blei slått i superfinalen, syntest det var moro å konkurrere mot henne.

– Eg var litt stress på den siste skytinga, og bomma for mykje til å utfordre henne, sa han til NRK.

– Blei du overraska over skytinga hennar?

– Ja, ho skyt raskt og betre enn alle kvinnene. Men vi må også hugse at dette ikkje er det same som «vanleg» skiskyting.

Eg er imponert over skytinga hennar. Ho skyt raskt og betre enn alle kvinnene, men vi må samtidig hugse at dette ikkje er det same som den «vanlege» skiskytinga, utan høg puls.

– Kven fryktar du mest i framtida, Noreg eller Kina?

– Med snø under beina trur eg framleis eg fryktar nordmennene mest.

Siste nytt

  • Storhamar med bortepoeng i CHL

    Storhamar var på god vei mot en knallsterk borteseier i mesterligaen ishockey, men Genève-Servette vendte til 4-3-seier etter straffeslag.

    Det ble likevel et viktig bortepoeng for hamarlaget i kampen om å gå videre til cupspillet.

    Storhamar ledet 2-0 snaut halvveis i kampen etter scoringer av Cole Schneider og Victor Svensson, men hjemmelaget vendte til 3-2-ledelse. Michael Spacek utlignet med to knallskudd og assisterte på ledermålet. (NTB)

    Hockey Classic: GET-Ligaen: Lillehammer - Storhamar (2-3)
    Foto: Fredrik Hagen / NTB
  • Karna (15) skrev RBK-historie

    Karna Sødahl (15) scoret det første målet da Rosenborg slet seg til 3-0 over tabelljumbo Arna-Bjørnar og tok tre viktige poeng i Toppserien fotball.

    Det unge stortalentet ble dermed den yngste som har scoret for Rosenborg på seniornivå. Det skjedde halvannen uke etter at hun ble den yngste som har startet en RBK-kamp.

    RBK er med seieren oppe på samme poengsum som Brann i sølvkampen, riktig nok etter å ha spilt en kamp mer.

    Opp til serieleder Vålerenga er det 17 poeng. VIF har spilt to kamper flere enn Brann og en flere enn RBK.

    Arna-Bjørnar forblir sist, men Åsane på kvalifiseringsplassen har like mange poeng. (NTB)

    0lWYi_NguOU
    Foto: NTB
  • Norsk lagbronse i sykkel-EM

    Norges juniorryttere tråkket inn til bronsemedaljen på blandet lagtempo i europamesterskapet i landeveissykling.

    Det norske laget endte 23 sekunder bak gullvinner Nederland, mens det var ti sekunder opp til Tyskland i rittet på 52,3 kilometer i Belgia.

    Norge lå på 6.-plass etter at Marius Innhaug Dahl, Andreas Flaatten og Felix Ørn-Kristoff hadde gjort sin del av tempoen. Siste halvdel tok Mia Gjertsen, Matilde Skjelde og Kamilla Aasebø seg av.

    Medaljen var Norges første i årets EM. Mesterskapet avvikles i belgiske Limburg. (NTB)

Sendeplan

Kl. Program Kanal