Statens vegvesen hadde i går kveld kontroll av tunge køyretøy på Sokn mellom dei to undersjøiske tunnelane i Rennfast-sambandet på E39.
Bremsene blei testa på seks av i alt 29 kontrollerte køyretøy, og resultatet var nedslåande. Halvparten hadde feil på bremsene.
– Det var overraskande at me tok heile tre av seks. Likevel trur eg ikkje dette er representativt for korleis det står til med bremsene på tungtransporten på norske vegar. Men det er alvorleg når me tar ein så stor del, seier Arnstein Stangeland, som er inspektør i Statens vegvesen.
- Les òg:
- Les òg:
– Sjåførane må følgja med
Feila i går var ikkje meir alvorlege enn at sjåførane fekk ein mangellapp og beskjed om å køyra til nærmaste verkstad for å fiksa det. I hovudsak handla det om skeiv bremseeffekt og feil på ABS-systemet. Dette er feil som det ofte kjem varsling om i dashbordet.
– Sjåførane må bli betre til å følgja med på varslingslysa, og ikkje bruka køyretøya dersom dei ikkje er heilt sikre på at dei er i orden. Då må dei varsla eigaren og få bilen inn på verkstad, seier Stangeland.
Han seier at Vegvesenet ser på det som svært alvorleg med feil på bremsene, og at kontrollen i går syner at den årlege EU-kontrollen åleine ikkje er nok.
– Me må også vera ute på vegane, for me oppdagar stadig feil og manglar, seier Stangeland.
- Les òg:
- Les òg: