Hopp til innhold

Krasja, skrudde av skilta og stakk av

Tre personar stakk av etter å ha krasja på E39 ved Forus. Hundepatruljen fann dei like etter, og sjåføren hadde ikkje gyldig førarkort. Fyll og fanteri gjorde at politiet fekk ein travel start på palmehelga.

Trafikkuhell på Forus

UTAN SKILT: Slik såg bilen ut etter møtet med eit gjerde i sørgåande felt på E39 på Forus.

Foto: Ronny Hjertås

Vitne til trafikkuhellet på Forus sa at bilen hadde stor fart då den gjekk i grøfta. Då politiet kom til staden, fann dei ein tom bil utan registreringsskilt. Ein hundepatrulje vart sett på saka, og litt seinare fann politiet tre personar ved lageret til Ikea.

Ein 24 år gamal mann innrømde at det var han som var sjåføren, og det viste seg at han ikkje hadde gyldig førarkort. Han vart køyrd til legevakta for å ta blodprøve, og bilen måtte tauast vekk.

Mykje rusk

Politiet, i all hovudsak i Sandnes og Stavanger, hatt ein travel start på helga. Fleire personar er blitt viste vekk frå sentrum for å laga bråk, yppa til slåsting med dørvakter og ein person skalla ned ein butikktilsett. Sistnemnde, ein mann på 18 år, vart sett i arresten.

– Ikkje dei store overskriftene, men mykje smått som må ordnast opp i. Ein ganske vanleg laurdagskveld, opplyser operasjonsleiaren i Rogaland politidistrikt.

Laster Twitter-innhold

Det har vore to tilfelle av partnarvald i Stavanger i natt. Ein 22 år gamal mann er arrestert, mistenkt for vald mot kjærasten sin. Ho er ikkje alvorleg skadd. Litt tidlegare på kvelden vart ein patrulje sendt ut til eit ektepar i Stavanger som krangla høglydt. Den første meldinga gjekk på at mannen slo kona si, men då patruljen kom fram, viste deg seg at det ikkje hadde gått så langt. Dei var rusa og krangla.

I Sandnes vart ei dame meld for å bæra kniv på offentleg stad.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Bil full av tjuvegods

På Ullandhaug i Stavanger vart det sett to personar som rota rundt i ein bil med lommelykter. Ein politipatrulje undersøkte saka, og det viste seg at dei to mennene (45 og 49) hadde køyrt dit i ein stolen bil.

Og ikkje nok med det, bilen var full av tjuvegods. Begge to vart sett i arrest, og bilen taua vekk av politiet.

Laster Twitter-innhold

På Haugalandet har dei hatt litt mindre å stri med. Litt festbråk, bruk av narkotika, urinering på offentleg stad og ein mann i 40-åra som køyrde bil utan gyldig førarkort er det politiet har å melda om derifrå.

Laster Twitter-innhold