Hopp til innhold

Ordføraren blei trua, så blei rådhuset tent på

Tidlegare ordføraren i Randaberg, Tom Tvedt, blei utsett for truslar, som verkeleg viste seg å vera farlege. Først fekk han drapstruslar. Deretter prøvde mannen som stod bak trusselen å tenna fyr på kommunehuset.

Randaberg rådhus

Brannen blei påsett i biblioteket i rådhuset i Randaberg.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

– På det tidspunktet var eg ordførar i Randaberg og hadde to små barn.

Tom Tvedt, nåverande leiar for fylkestingsgruppa til Arbeidarpartiet i Rogaland, hugsar tilbake til 2006. Då blei han først oppringt og deretter fekk han fleire sinte SMS-ar.

Tom Tvedt

Tom Tvedt (Ap) var ordførar i Randaberg i 2006.

Foto: Odd Rune Kyllingstad/NRK

– Det var ein innbyggjar som ikkje var nøgd med den måten saka hans blei behandla i kommunen, minnest Tvedt.

Sjølv nå åtte år etterpå, vil han verken gå inn i detaljar om kva drapstrusselen handla om eller korleis den blei sett fram.

– Men eg fekk klar beskjed om at eg måtte passa meg og ta konsekvensane sjølv, dersom eg ikkje ordna opp i saka til denne mannen, fortel Tvedt.

Tenkte på familien

Truslane var ikkje direkte retta mot familien til Tvedt, men det var dei to små barna sine han tenkte mest på.

– Me sørga for at dei aldri var åleine dersom dei var ute, og me varsla sjølvsagt politiet, som også tok sine forholdsreglar, fortel Tvedt.

Opptrapping

Nokre dagar seinare fekk Tvedt fleire truslar frå same mannen utover ettermiddagen og kvelden, og i halv tolvtida på natta blei det tent fyr på biblioteket, som den gongen var inne i rådhuset.

– Og det var ein molotov-cocktail som blei kasta inn igjennom ei knust rute?

– Det var slik eg oppfatta resultatet av politietterforskinga i ettertid. Det var brennbart materiale som hadde som formål å tenna fyr på kommunehuset i Randaberg, fortel Tvedt.

Dei farlege truslane

Ragnhild Bjørnebekk er valdsforskar ved Politihøgskolen i Oslo. Ho peikar på at trusselpersonen Tvedt blei utsett for høyrer til ei lita, men svært farleg gruppe. Det er dei som både kjem med truslar, men som også set truslane ut i livet.

– Ekstra farleg er det dersom dei har dette som eit mønster og også gjentar det, seier Bjørnebekk.

Vil ikkje skremme

Politiet oppdaga brannen tidleg og brannvesenet sløkte den før det fekk alvorlege konsekvensar. Mannen blei arrestert og tiltalt.

I etterkant blei samanhengen mellom brannen og truslane mot Tvedt dyssa ned.

– Eg fekk det klare rådet å gjera det for ikkje å skremma innbyggjarane meir enn det brannen alt hadde sørga for, seier Tvedt.

Eit angrep på demokratiet

I dag, åtte år seinare, er Tom Tvedt mest opptatt av kva konsekvensar drapstruslar mot politikarar kan ha for demokratiet i Norge.

– Eg håpar endeleg ikkje at slike historier som dette skal føre til at folk ikkje vågar å gå inn i politisk arbeid. Dette er ei uheldig bakside av det å ta på seg politiske verv, men me skal aldri akseptera og godta at det skjer, avsluttar Tvedt.