Hopp til innhold

For kaldt i kyrkja – spelar orgel i eit telt

Organisten på Karmøy hadde det så kaldt at han måtte lage seg eit telt i kyrkja for å kunne øve utan istappar på fingrane.

I kyrkja på Karmøy er det så kaldt at organisten må spele inne i eit telt.

– Nå skal me bort og sjå på temperaturen, seier organist Nils Einar Helland.

Me er på galleriet i Tovestad kyrkje på Karmøy. Her oppe på orgelkrakken har Helland sin arbeidsplass. Men å jobbe som organist i ei kyrkje som er bygd på slutten 1800-talet med dårleg isolasjon, er inga varm oppleving.

– Nå ligg temperaturen på litt under sju grader, seier Helland.

Fordi det er altfor dyrt å varme opp kyrkjerommet og fordi orgelet ikkje har godt av temperatursvingningar, er det berre når det er arrangement at lokala blir varma opp.

Dermed har det vore dårlege arbeidsforhold når organisten skal øve.

– Eg har sete her og øvd i sju grader. Eg har pakka meg inn og til og med hatt fingervanter på. Men etter berre to minutt er fingrane som istappar, fortel Helland.

Laga seg eit telt

Men nå har det skjedd ei endring. Rundt der kor Helland sit har han nå fått seg det han sjølv kallar sitt eige telt.

– Eg har gardiner som eg trekk for rundt orgelet, slik at det blir til eit tett kammer, seier organisten.

Med eit pleksiglass på toppen, gardiner rundt og to vifteomnar inni, er det fort gjort å varme opp det vesle området kor Helland sit og øvar.

Eit problem i fleire kyrkjer

– Det er ei god løysing fordi då blir kostnadane til å varme opp kyrkja låge, og arbeidsmiljøet for den som skal øve på instrumentet betre, og så skåner ein orgelet, seier Anders Hovin, som er nestleiar i musikernes fellesorganisasjon.

Anders Hovin

Nestleiar i Musikernes fellesforbund, Anders Hovin.

I mange eldre kyrkjer rundt om i landet er dette eit problem, og det kan gi organistane skader.

– Viss du bruker musklar, og musklane ikkje får god nok varme, så kan det føre til belastningsskader og i verste fall betennelser, seier Hovin.

Høg temperatur

Tilbake i Torvestad kyrkje har nå temperaturen i teltet til Helland blitt så høg at fingrar og føtter kan jobbe i høgt tempo.

– Dette betyr at det er mykje betre å øve på vinterstid. Eg vil ikkje gå å småkvie meg, eller rett og slett la vera å øve. Så dette er ei genial løysing, seier organisten.