Hopp til innhold

Var i gang med innspelinga av norsk storfilm

Dei to personane som sundag ettermiddag blei tatt av sjøen var med på filminnspelinga av den stjernespekka filmen «Skumringslandet». Filmcrewet får nå krisehjelp i Sokndal.

Krisehjelp på Gamle Klokkargarden i Sokndal

Filmcrewet til «Skumringslandet» får nå krisehjelp på Gamle Klokkargarden kor filmen har base.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Det var to menn, ein på 25 og ein på 27år, som blei skylde på sjøen ved Egersund sundag ettermiddag. Politiet opplyste i sjutida at håpet om å finna dei to i live er vekke og søket blei avslutta.

Frå Kvinesdal og Oslo

Dei to mennene som er frå Kvinesdal og Oslo jobba for tida på filminnspelinga til den stjernespekka filmen «Skumringslandet».

– Filmteamet får krisehjelp, og pårørande til dei to sakna har nå blitt varsla, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt Henning Andersen.

På rollelista til filmen står mellom anna danske Kim Bodnia, Jørgen Langhelle og Elisabeth Sand. Alle i filmteamet blir nå tatt hand om av kriseteam på Gamle Klokkargarden i Sokndal der filmen har base. Ingen er tilgjengelege for kommentarar.

Bølgjer på 8–10 meter

Det var tre personar frå teamet som blei skylde på sjøen ved Stapnes utanfor Egersund. Den tredje personen skal vera fotografen på filmen, han kom seg opp på land og fekk varsla om det som hadde skjedd.

Med bølgjer på mellom 8–12 meter blei det ikkje utført leitearbeid i strandsonen, sidan forholda blei vurdert som for farlege.

Men helikopter med varmesøkjande kamera og ei redningsskøyte lukkast ikkje med å finna dei to mennene.

Politiet åtvarar folk om å gå ned til sjøen i stormen som herja Vestlandet sundag.

Tidlegare TV-innslag om «Skumringslandet»:

Video Filminnspilling i Sokndal

NRK laga i august TV-innslag frå innspelinga til 'Skumringslandet'.

Flere nyheter fra Rogaland