Hopp til innhold

Barberar-brørne kan bli best i landet

– Prisen betyr mykje. Dette viser oss at det me starta for tre og eit halvt år sidan blir sett og anerkjent, seier Kjetil Fevang før laurdagens konkurranse om å bli "Årets Frisørbedrift"

Brødrene Fevangs Barberstue konkurrerar med dei beste frisørbedriftene i landet, no kan dei bli kåra til Norges beste.

Kjetil Fevang tek seg av sveisen til stamkunde Aleksander. Nå kan familiebedrifta bli kåra til landets beste frisørbedrift. FOTO/RED: INE EFTESTØL

Planlegg du takketalen på førehand?

Kunde Aleksander undrar frå frisørstolen til barberer Kjetil Fevang, medan blonde fjon fell på 50-tals inspirert golvbelegg.

Opp mot dei beste i landet

Familiebedrifta Brødrene Fevangs Barberstue i Stavanger er for første gong nominert til prisen «Årets Frisørbedrift».

Sjølve konkurransen har fleire kategoriar, og Kjetil Fevang som også er nominert i kategorien «Årets Frisør», beskriv arrangementet som «frisørane sin Spellemannspris».

– Dersom eg kjem meg opp dit, på vinnarpodiet, så trur eg at alt eg planlegg på førehand vil verta gløymt … Men om eg skulle nå heilt til topps, så er kundane mine dei første eg vil takka. Utan dei så hadde me ikkje kunna gjera dette, svarer han.

LES OGSÅ: –Nå er herrefrisøren snart historie

barbering

Barberar-faget er nærmast utdøydd i Norge, meiner Fevang, som håper nominasjonen deira kan gjer at folk får opp augo for handverket.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

Fantastisk berre å bli nominert

– Det er vel gjævt berre å verta nominert? lurer Aleksander frå stolen, medan frisyren når nye fjonge høgdar.

– Heilt fantastisk.

Fevang svarar kontant.

– Det bekreftar for oss at oppskrifta vår fungerer.

Oppskrifta beskriv han som lidenskap for faget, hardt arbeid, tette kunderelasjonar og kvass spesialisering.

Og nettopp spesialiseringa deira skil brørne Kjetil, Morten og Anders Fevang si barberstue frå dei tre andre bedriftene i konkurransen.

Dei klipper berre menn.

LES OGSÅ: – Skjegg er best for en manns verdighet

Brødrene Fevangs Barberstue

Den vesle barberstua blir beskriven som 'heime' av Fevang.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

Anerkjenning i bransjen

– Prisen for årets bedrift betyr mykje. det viser oss at det me starta for tre og eit halvt år sidan blir sett. Ingenting er så kjekt som å bli sett av andre – og då særleg av folk innanfor bransjen.

Håpet er å kunne inspirera fram ein sterkare kultur for barberar-faget i Norge, og Fevang meiner nominasjonen viser at det er rom og behov for dette tilbodet til menn.

– Slik eg ser det så har mannen i samfunnet blitt gløymt. Du ser det i blad, på nattklubbar, på treningssenter – overalt. Ni av ti ting er retta mot damer. det treng ikkje vera feil, men eg synst me skal begynna å tenka meir på mannen.

Kunden får siste finpuss, og seier seg såre einig. Det er godt med ein fristad for manne-prat, stell og avslapping. Og uansett utfall i konkurransen, føler Fevang at han har sigra:

– Dette er jobben min, men og lidenskapen min. då får du ein heil anna driv bak det du gjer.