Hopp til innhold

Brann blussa opp – krimteknikarar må venta

Brannvesenet måtte torsdag morgon tilbake til branntomta der ei kvinne (62) døde i natt. Årsaka var ny røykutvikling frå huset. Dermed må krimteknikarane venta.

Brannvesenet måtte torsdag morgon tilbake til branntomta der ei kvinne (62) døde i natt. Årsaka var ny røykutvikling frå huset. Dermed må krimteknikarane venta.

►SJÅ VIDEO: Her er brannvesenet tilbake på branntomta på Hana i Sandnes klokka åtte torsdag morgon.

– Det luktar sur røyk her og kjellaren ser ganske utbrend ut, seier NRK sin fotograf Rolf Marnburg som er i Sigvad Skaldsveg på Hana i Sandnes.

Det var i kjellarleilegheita i dette huset ein ulmebrann i tretida i natt førte til at ei kvinne på 62 år omkom. Mannen hennar (63) er livstrugande skadd, medan ei kvinne og to barn i etasjen sjølv kom seg ut av huset.

Blussa opp

Etter brannvesenet fekk sløkt brannen reiste dei frå staden, medan politiet heldt vakt.

I åttetida i dag byrja det å osa frå kjellaren, og brannmannskapet måtte ut på ny.

– Det var varmgang i det innvendige taket i kjellaren, opplyser vaktleiar i Brannvesenet Sør-Rogaland, Kjetil Vier.

Brannvesenet har kontroll på varmgangen.

Ein såkalla ulmebrann er ein brann som ikkje får nok luft eller varme til å ta fyr. Sjølv om det ikkje er open flamme kan det koma giftige gassar, som vidare kan føra til kolosforgifting.

Det er politiet i Sandnes som skal etterforska dødsbrannen i natt. Framleis er det verken kjent korleis eller kor brannen i huset i Sandnes starta.

Krimteknikarar må venta

– Sidan brannen blussa opp ventar me med å gå inn. Me kjem oss truleg ikkje inn i huset før i morgon, seier fungerande etterforskingsleiar ved politistasjonen i Sandnes, Sven Arne Oftedal.

Han seier at dei nå gjer avhøyr av naboar. I tillegg jobbar dei med å få varsla alle pårørande i saka.