Hopp til innhold

Biogass-satsing skal få ned gardsutsleppa

I jordbrukskommunane på Jæren står landbruket for over 50 prosent av klimagassutsleppa. No håpar fylkeskommunen at satsing på biogassanlegg på gardar kan få ned utsleppa.

Kuer

(illustrasjonsbilete)

Rogaland er det eit stort jordbruksfylke, med vekt på produksjon av mjølk og kjøt. Med så mange husdyr blir også eit stort utslepp av klimagassar.

I jordbrukskommunar som Time, Klepp og Hå, står jordbruket for over 50 prosent av klimagassutsleppa.

Satsar på biogass

– Det er klart at med så mykje gjødsel som det er i Rogaland, så blir det store utslepp, seier næringssjef i Rogaland fylkeskommune, Norvald Skretting.

Men no skal ei stor satsing på biogassanlegg få ned utsleppa, det er i alle fall det som er planen til fylkeskommunen. I regionalplanen for energi og klima i Rogaland, som vart vedteke i 2010, vart det sett eit mål om å redusera klimagassutsleppa i landbruket med 15 prosent innan 2020. Biogassanlegg blei då beskrive som det viktigaste tiltaket for å kunne klara det.

– Det har skjedd ein del sidan den gong, og i desse dagar blir etablert eit eige firma som skal investera i gardsanlegg i Rogaland, seier Skretting.

Har trua

I Rogaland vil fylket satsa på små gardsanlegg, slik at bonden sjølv skal produsera gassen av gjødsla på garden. Teknologien finst allereie, men i Rogaland har den nesten ikkje blitt prøvd.

– Det har blitt gjort forsøk med teknologien andre stader i landet, og me trur at me skal få overført og tilpassa teknologien til Rogaland på ein grei måte. Dess fortare me får slike anlegg opp å gå, dess fortare me kan redusera utsleppa frå landbruket, seier Skretting.

Dersom teknologien fungerar, og bøndene hiv seg på prosjektet, kan ein også nå 15 målet om innan 2020, trur han.

– Om me får nok interesserte til å bli med, så trur eg me skal koma langt på veg mot å nå målet.

Flere nyheter fra Rogaland