Hopp til innhold

Dritlukt kan erstatta 50 mill. liter bensin

Gass frå husdyrbæsj kan erstatta 50 millionar liter bensin i året, berre i Rogaland.
– Potensialet for biogassproduksjon er stort, seier bonde Olav Røysland, som snart får sitt biogassanlegg på Voll på Jæren.

Kuer

(illustrasjonsbilete)

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I dag presenterte regjeringa sine klimamål. Dei vil kutta utsleppa med 40 prosent innan 2030.

Litt mindre enn ein tiandedel av klimagassutsleppa i Noreg kjem frå jordbruk (8,7%). Mykje av det stammar frå Rogaland, fordi ein stor del av landets husdyr lev her. Men både teknologi og masse husdyrgjødsel er tilgjengeleg, så med litt investering kan det som i dag er forureinande gassar bli til lange køyreturar på fornybar biogass.

Vil bruka det i bilen

Olav Røysland

SNART BIOGASSPRODUSENT: Bonde Olav Røyseland.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Rogaland har eit potensial i husdyrgjødsel på godt og vel 500 millionar kilowattimar, seier Røysland.

– Kva svarar til det?

– Det svarar til veldig mykje drivstoff. 500 millionar kilowattimar svarar til, grovt rekna, om lag 50 millionar liter diesel eller bensin. Det er mykje energi.

Røysland har eit mål om å kunna køyra rundt på Jæren i ein bil driven av gass frå gjødselsbingen sin.

– Drivstoff til køyretøy er det edlaste det kan brukast til, seier han.

Han ventar på ein biogasstank no, og håpar å ha anlegget i gang i løpet av våren eller sommaren.

Infrastrukturen er på plass

Ola Andreas Byrkjedal

BONDELAGSLEIAR: Ola Andreas Byrkjedal er bondelagsleiar i Rogaland.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det er fleire grunnar til at Rogaland har potensial til å bli ein storprodusent av biogass, ifølgje leiaren i Bondelaget i Rogaland, Ola Andreas Byrkjedal. For i oljefylket Rogaland er det allereie eit godt utbygd nett av gassrøyr.

– Me har eit leidningsnett som ligg grave ned i jorda utover heile Jæren, der har me eit stort fortrinn samanlikna med andre delar av landet. Samstundes er me den regionen i landet som har mest husdyrgjødsel, så alt ligg til rette i regionen her for gode prosjekt, fortel Byrkjedal.

For å oppnå målet med å redusera klimagassutsleppa på 40 prosent innan 2030, vil regjeringa også sjå på korleis bøndene kan redusere sine utslepp. Bondelagsleiaren trur bøndene sjølv er interesserte i å vera med å ta eit tak for klimaet.

– Det er stort fokus på dette me klimasmart landbruk, og me må gjera det me kan for å ta vare på klimaet og ta vare på den kloden me lev på. Dette handlar om å ta vare på framtida til generasjonane etter oss.