Hopp til innhold

Ferjekaivakt Roger Hegreberg: «Eg e dassblaut»

Det var kaos på Mekjarvik ferjekai i natt og dag tidleg, då ferjestrekket over Boknafjorden var innstilt.

Ferjekøen var lang på Mekjarvik ferjekai i natt og dag tidleg.

SJÅ VIDEO: Kaivakt Roger Hegreberg har hatt ei våt og lang natt på Mekjarvik ferjekai.

– Eg kom klokka 2 i natt, og då var det var kaos. Me har fått litt orden på det no, men det er veldig mykje trafikk som står, seier Roger Hegreberg, som har vore kaivakt i natt og utover morgontimane i dag.

– Held du varmen?

– Nei, eg er dassblaut. Men skal snart varma oss når me har fått litt orden på trafikken.

Det var ikkje berre Hegreberg som heldt hus på kaien i natt. Yrkessjåførar som skulle over fjorden var det mange av.

Trailersjåføren Kim Andre Wathne venta heile natta for å sjå den første ferja frå Mekjarvik legga frå kai utan han sjølv om bord. Då den første ferja gjekk klokka 06.00, stod han og mange andre att på kaien.

– Eg har venta sidan klokka elleve i går kveld. Det har ikkje vore ei særleg god natt, eg sov vel éin time, seier lastebilsjåfør Kim Andre Wathne.

Kø på Mekjarvik

LANG NATT: Det har blitt ei lang natt for trailersjåførane på Mekjarvik ferjekai. Kim Andre Wathne (t.v.) og Daniel Bakke (t.h.) kom ikkje med den første ferja klokka seks tysdag morgon.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Sterk vind og høge bølgjer gjer at ferjene over Boknafjorden går frå Mekjarvik i staden for Mortavika på E39. Ferjestrekket har vore stengd i natt, men klokka seks gjekk den første ferja i dag. Neste avgang er ikkje før klokka åtte.

Wathne kom til kaien klokka 23 i går kveld, og har ikkje hatt ei natt å skryta veldig av.

– Eg har hatt eit auge ope heile natta. Det er ikkje så lurt å sovna, for plutseleg blir du forbikøyrt i køen.

Den siste veka har uvêret herja på Vestlandet. Stormen Nina har ført til øydeleggingar og problem på vegane.

– Det er ikkje så enkelt å gjera noko med det, men den siste veka har vore håplaus, spesielt for oss som køyrer matvarer. Telefonen kjem vel snart til å gå varm, seier Wathne.

– Me må berre stå her og venta, det er ikkje så mykje anna å gjera, seier Daniel Bakke, som også har heldt til på Mekjarvik i natt.

Ferje ved Mekjarvik

FØRSTE AVGANG: Her køyrer bilane om bord i ferja til den første avgangen klokka seks.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Flere nyheter fra Rogaland