Hopp til innhold

– AUF treng denne sommarleiren

Om lag 200 fleire deltek på årets AUF-leir på Gulsrud, enn på Utøya i 2011. Sommarleiren blir den første nasjonale sidan massakren den 22. juli for to år sidan.

To hundre fleire er med på årets AUF-leir på Gulsrud i Buskerud enn på Utøya for to år sidan. Rogaland er blant fylkeslaga som sender flest av dei 750 deltakarane til sommerleiren.

►SJÅ VIDEO: Leiar for AUF i Rogaland, Jakob Bjelland Eriksen, opplevde terroren på Utøya i 2011, nå er han klar for ny sommarleir. Karoline Marie Tønnesen skal på sin første sommarleir med AUF.

«Me to er som NATO, stiller alltid opp for kvarandre.» «Sidan du er frå by og eg er frå land, la oss gå hand i hand.»

Jakob Bjelland Eriksen og Karoline Marie Tønnesen les opp frå den nye sommarleir-appen, som AUF har laga. Den er full av sjekketriks, noko som kan kome godt med på AUF sin leir på Gulsrud i Buskerud neste veke.

– Jakob er jo ein sjarmør i seg sjølv, så eg veit eigentleg ikkje om han treng sjekketriksa. Men under speeddatinga kan dei nok vera greie å ha, seier Karoline Marie Tønnesen.

– Det blir annleis

Sommarleiren blir hennar første politiske leir. Jakob Bjelland Eriksen, som nå er leiar i Rogaland AUF, har vore på politisk leir før, sist gong var Utøya i 2011, då var han 17 år.

Han var ein av dei som overlevde skytemassakren som då skjedde.

– Korleis blir det å koma tilbake til den første nasjonale sommarleiren for AUF, etter det som skjedde?

Eskil Pedersen

AUF-leiar Eskil Pedersen er stolt over det store oppmøtet til sommarleiren.

Foto: Ana Leticia Sigvartsen / NRK

– Eg skal ikkje legga skjul på at det blir annleis. Eg gler meg veldig mykje, men det er litt blanda kjensler, seier han.

– Er det noko du gruer deg til?

– Nei. Eller jo ... viss me taper mot Hordaland i fotballturneringa, så gruer eg meg til det.

Stort oppmøte

I 2011 var det 564 som var med på sommarleiren til Utøya. I år er det 750 påmelde til Gulsrud-leiren. Aldri har fleire vore påmeldt til sommarleiren, og det er Rogaland og Oslo som har flest deltakarar.

AUF-leiar Eskil Pedersen er stolt over ar så mange har meldt seg på.

– Me er nå 750 påmelde, og det er stadig fleire som vil vera med. Me er veldig glad for dette, og trur det blir ein flott sommarleir, der ein kan treffa nye vennar, læra mykje og det er i tillegg meldt strålande vêr, seier Pedersen.

Men sjølv om sommarleiren har same innpakning, er det ein stor forandring dette året. AUF skal samlast på fastlandet inst i Tyrifjorden på Gulsrud.

– Eg trur me får sommarleirkjensla uansett. Sjølv om det er mange av oss som har mange gode minner frå tidlegare Utøya-leirar, trur eg me kan få til eit veldig bra opplegg også på Gulsrud, seier leiaren.

Dette er heller ikkje Rogaland AUF sin leiar i tvil om.

– Eg trur det blir veldig bra. Heile organisasjonen treng sommarleiren, både for samhald og som ein kick-off, seier Bjelland Eriksen.