Hopp til innhold

Berserk: – Vurderer å sende inn fly

Redningsstyrken på New Zealand vurderer å sette inn fly og helikopter i søket etter den norske seglbåten «Berserk», som er sakna i Sørishavet.

Berserk

Seglbåten «Berserk» er sakna etter at han sendte ut naudsignal på veg til Sørpolen

Foto: wildvikings

Seglbåten er på veg til Antarktis, men sendte klokka 5.20 i går ut eit naudsignal . Sidan har ingen høyrt frå mannskapet.

Eit newzealandsk marinefartøy i området måtte avbryte si leiting og snu på grunn av dårleg vêr. Vêret er uendra onsdag morgon (onsdag ettermiddag lokal tid).

– Det er veldig dårleg og veldig ustadig, med høge bølgjer og dårleg sikt, fortel redningsleiar ved Hovudredningssentralen i Nord-Noreg, Øyvind Aadde, til NRK.no.

Det blir meldt om bølgjehøgder på opp til 8 meter og vindstyrke på 60 knop (110 km/t) frå New Zealand.

– Veldig stort område

Han fortel at det framleis er to andre fartøy i området.

– Og vi har fått signal om at fly og helikopter kan bli sette inn i operasjonen om situasjonen tillet det, seier han.

Ifølgje Aadde ventar redningsmannskapet på at vêret skal bli godt nok til at dei kan ta seg inn i fjorden i Rosshavet der «Berserk» sendte ut naudsignalet frå.

– Men området er stort, veldig stort, seier Aadde.

Fire norske var med

Ifølgje Rescue Coordination Centre New Zealand var «Berserk» 18 nautiske mil (33 km) nord for Scott-basen då dei sendte ut naudsignalet.

Dei seier også at det skal vere tre personar om bord, og at to andre har gått av og har starta si vidare reise i området.

Fire av desse fem skal vere norske, den siste britisk.

Fartøyet Steve Irwin er no 24 timar unna der Berserk sendte ut naudmeldinga, og prøver å finne ut om andre fartøy i området kan hjelpe til om vêret blir betre.

Fram til det blir trygt å ta seg inn i Rosshavet med båt, prøver redningsmannskapet i samarbeid med basar i Antarktis å finne ut om det er mogleg å starte søk med fly.

SISTE NYTT

Siste nytt