Hopp til innhold

Minst 48 drepne i Bagdad-angrep

Minst 48 menneske vart drepne i eit angrep mot ei sjiamuslimsk gravferd i den irakiske hovudstaden Bagdad i dag. Rundt 120 skal vere såra i angrepet.

Minst 48 drepne i bombeangrep i Bagdad

Restane av teltet der bomba gjekk av.

Foto: STRINGER/IRAQ / Reuters

Talet på døde kan kome til å stige, seier direktøren ved Shula-sjukehuset i Bagdad.

Angrepet skjedde i det sjia-dominerte nabolaget Shula i Bagdad, det siste av fleire bombeangrep mot sjiamuslimar i Irak den siste tida.

I tillegg er fem personar drepne i ulike bombeangrep rundt om i byen. Til saman 53 drepne i dag er det høgste dødstalet på ein dag sidan 2. november 2010.

Over 100 menneske er drepne i liknande angrep dei to siste vekene.

Valdsbølgja set press på den sjiamuslimske statsministeren Nuri al-Maraki, som nyleg vart gjeninnsett i posisjonen etter lang tids trautrekking mellom dei ulike grupperingane i Irak.

Dei mange bombeangrepa er også med på å øydeleggje tilliten til det irakiske forsvaret, som har teke over tryggingsansvaret i store delar av landet etter at USA trekte sine soldatar ut.

Det braut ut gatekampar i Shula-området etter angepet i dag, melder nyheitsbyrået Reuters. Folk retta sinnet sitt mot tryggingsstyrkane, og det var skotveksling mellom politiet og lokale innbyggjarar. Det er uklart om nokon vart skadd i skytinga.

Skadene i Shula-distriktet i Bagdad er store etter torsdagens bombeangrep

Skadene i Shula-distriktet i Bagdad er store etter torsdagens bombeangrep.

Foto: Saad Shalash / REUTERS

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt