Kvinna vart sjuk etter ei reise til fastlands-Kina. Legane trudde at ho først hadde lungebetennelse, før ho testa positivt for influensaviruset A (H5).
Myndigheitene i Hongkong åtvarar at det no er høg risiko for å bli smitta av den potensielt dødelege sjukdommen, skriv nyhetisbyrået AFP.
Feber, hoste og blod
Kvinna som no er smitta, vart innlagt på sjukehus med høg feber, hoste og blod i spyttet. Ho seier ho verken har besøkt gårdar eller hatt kontakt med levande fuglar.
Helsesjefen i Hongkong York Chow seier myndigheitene i byen har auka smittevernet og omfanget av inspeksjonar mot matmarknadar.
Det er ikkje lenger lov å besøkje isolerte på sjukehus. Alle som skal innom sjukehus må vaske seg grundig på hendene og ta på seg munnbind.
- Les:
- Les:
Tvilar på menneskesmitte
Ifølgje Chow er det ikkje fare for smitte mellom menneske enno. Han meiner ein først må vurdere at smittekjelda er ein fugl.
– Men vi vil også sjekke kven ho har hatt kontakt med før ho fekk symptom. Det er mogleg at ho vart smitta på si reise til fastlandet, men vi kan ikkje avvise at smitten skjedde i Hongkong, legg han til.
Mikrobiologen Leo Poos ved Universitetet i Hongkong meiner dette er eit enkelttilfelle og trur ikkje byen er utsatt for ein alvorleg trussel.
– På noverande tidspunkt er dette ikkje ei alvorleg sak. Vi trur dette er eit enkelttilfelle, seier han.
Han legg til at sjansane for smitte mellom menneske er veldig små.
Fleire millionar fugl drepne
Mannen til den smitta kvinna har også hatt influensaliknande symptom, men har blitt frisk. Både Kina og Hongkong følgjer situasjonen nøye.
Hongkong hadde sitt siste utbrot av fugleinfluensa i 2003, og også det første store utbrotet i 1997 då seks personar døydde og fleire millionar fuglar måtte bøte med livet.
Byen med sju millionar innbyggjarar vart også råka av influensadød i fjor, då 80 personar døydde under svineinfluensaen.
- Les også:
- Les også: